Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

torsdag 19. april 2007

Mellomkur i går

Brukte veneport for første gang. Himmelsk. Ei stor bør er letta frå skuldrene i forhold til at dei måtte bruka 4 venflon kvar gong eg skulle ha cellegift.

I dag har eg starta fysioterapi for å prøva å trena opp att dei bukmusklane som vart skore over under operasjonen i haust. Fysioterapeuten verka flink. Ho ville ha meg til å starta med dei innerste musklane, korsettet, for så å gå utover. Vanskeleg å få tak på den muskelen, men det skal gå!
Dette har eg tru på

Starten:

I nokre år har eg med ujamne mellomrom fått voldsomme smerteutbrudd. Nokre gonger så kraftig at eg besvimte. Eg tolka det som nyrestein (far min hadde vore plaga med det) og nokre plager må ein ha her i livet.
For eit par år sidan følte eg at kreftene ikkje var som dei hadde vore: "Ja, ja, slik er det å verta gammal, altså!" Eg såg framleis ikkje noko grunn til å gå til doktar.
Våren 2006 kom ein kul på magen, i tillegg til sideflesket altså, og det var allarmerande nok til at fastlegen måtte besøkast.
Klokka 9 ein dag i juni vart eg undersøkt hos fastlegen, klokka 11 var eg til røntgen og nokre dagar etterpå var det CT-gransking. Etter ei stund vart eg informert, av ein turnuskandidat, at eg hadde cystenyre. Det var ufarleg (hevda dei/ho) og dei hadde ikkje tenkt å gjera noko med det.
Etter nokre dagar fann eg ut at eg ikkje kunne avfinna meg med at eg hadde ein kul på magen som dei ikkje skulle gjera noko med. Dei kunne ikkje seia noko om han ville minska eller halda fram med å veksa. Eg vart innvilga time hos urolog. Men sidan dette var i ferietida, kunne eg ikkje få time før i slutten av august.


Først litt oppsumering:

  • Klart eg skulle gått til doktar lenge før!!

  • Eg hadde legevakt to gonger når eg hadde store smerter. Legevakta burde sendt meg til nærare gransking.

I slutten av august var eg til urolog. Vi vart einige om at nyra burde opererast vekk og han søkte meg inn på venteliste for operasjon på St. Olav. Tida gjekk og eg høyrde ingen ting. Etter ein liten månad ringte eg og lurte på om eg var registrert og kva planen var. Jau, eg var på lista, men ikkje prioritert. 3-4 dagar etter kollapsa eg på slutten av arbeidsdagen.
No begynte ting å gå fort. Trass i voldsomme smerter ville eg gå heim. At eg kom meg heim er no uforståeleg, men vel heima møtte eg Tove (kona mi) i døra. Ho "kasta" meg inn i bilen og kjørte meg til fastlegen. Etter nokre minuttar på kontoret hans vart eg sendt ned til Orkdal Sjukehus, lagt inn og det vart starta smertelindring. Igjen var det turnuskandidat på vakt, og det gjekk no mykje tid for å overbevisa St. Olav om at det var nødvendig å senda meg inn der, "cystenyre var jo ufarleg og oppførte seg ikkje slik". Etter røntgen og CT, og etter at bakvakta hadde komme og vurdert situasjonen, vart eg endeleg sendt til byen (St. Olav).


Det tok ei god tid før eg kunne opererast fordi: CT-bilda frå Orkdalen var ikkje gode nok, det såg ut som om det var blodpropp i den store bukvena (vena cava?) og dei såg noko på levra som kanskje kunne vera kreft. Etter mange diskusjonar på urologisk avdeling og mellom urologisk og avdeling for karkirurgi, vart det omsider ein lang og dramatisk operasjon med mykje tilførsel av blod. Resultat: Nyra (som var på storleik med ein stor handball) var fjerna og eit 33 cm sår var det einaste synlege bevis på at noko hadde skjedd.



Minner:

  • Eg fekk svært god behandling og pleie på avdelinga (Sengepost A4). For meg verka det som om dei hadde eit system som gjorde at du vart behandla av dei same sjukepleiarane heile tida. Veldig bra. Doktaren min fulgte meg tett opp og var svært samvitsfullt!!

  • Å ha ei kone som stiller opp slik mi gjorde, med pleie og omsorg av alle slag, kan ikkje overvurderast! At ho var i stand til å gi så mykje i ein situasjon der ho var i djup krisa, er mest ikkje til å tru.

  • Å ha familie og venner er alltid bra, i ein slik krisesituasjon vert det avgjerande.

  • Hallusinasjonar: Under overvåkinga hadde eg fleire hallusinasjonar. Skremande, men og veldig morro å oppleva kva kva røyndom hjernen er i stand til å konstruera under påverking av medikament og følelsar.

  • Smerte: Eg var utsett for kraftige smerter over lang tid. Skremande å oppleva kor mykje morfin som skulle til for å få smertene under kontroll. Etter operasjonen hadde eg automatisk smertepumpe som datt ut ei natt. Det gjekk ei stund før sjukepleiaren og eg fann ut kvifor eg fekk meir og meir smerter. Då me oppdaga det, starta pleiaren manuell smertebehandling med intravenøse morfinsprøyter. Etter ein del sprøyter var det muleg å halda ut, men smertefri vart eg ikkje den natta, sjølv om det vart sett sprøyte etter sprøyte etter sprøyte.

  • Muselmann: Hadde nokon fortalt meg at det var muleg å ta av så mykje på så kort tid, hadde eg ikkje trudd det. 10 kg forsvann i løpet av 14 dagar.

  • Eg var ikkje redd for døden, men svært glad i livet.

  • Ikkje på noko tidspunkt, sjølv om eg fleire gonger trudde eg skulle dø og sjølv om eg tok farvel med kone og barn, hadde eg religiøse tankar av noko slag.


Etter dryge 14 dagar var eg frisk nok til å verta sendt heim. Meldinga var at alt var i orden, no var det berre å byggja seg opp. Dei ville bli svært overraska om det skulle vera kreft i nyra.
Ein månad gjekk. Me bygde oss opp att både fysisk og psykisk. Så vart me kalla inn til legesamtale att. Dei hadde funne kreft i nyrebekkenet og ein lymfeknute som og var fjerna. Dei hadde ikkje tru på at kreften hadde spredd seg, men eg måtte no gjennom ei rekkje prøver: CT, cystoskopi, svært grundig MR og fleire vevsprøver. Eg fekk spinallekasje etter cystoskopien og vart liggjande rett ut i 8 dagar. Dra rett tilbake til sjukehuset og få det reparert om du opplever noko slikt.


Midt i desember var resultatet klart; kreften hadde spredd seg gjennom lymfesystemet og var no å finna i levra og ein lymfeknute nært levra.


I heile prøvetida og til og med no, var eg sikker på at dette skulle ordna seg greit. Cellegiftbehandling måtte det sjølvsagt til, men etter det ville alt vera i orden igjen. Samtalen med legen var telefonisk (eg var einig i det) og me vart einige om å starta behandlinga etter jul.
I ettertid ser eg jo at denne trua på at dette ville ordna seg fort og greit var naiv og urealistisk. Men, det at eg har fått slaga eit for eit og ikkje med full kraft, har kanskje gjort at me ikkje vart slått heilt ut.

8. januar: Innlegging til første hovudkur. Andre dag fekk eg samtale med overlege og assistentlege. Meldinga var: Kreften kunne ikkje helbredast, det var snakk om å kjøpa tid. Eg tvang overlegen til å konkretisera kva det betydde konkret: Svært få levde lenger enn 5 år og mange dør før det har gått 2 år.

No vart eg slått ut. Tove kom ei lita stund etterpå og då sat eg med armane hardt knyta bak nakken. Slik hadde eg sitte ei god stund. Kva no? Tilbodet frå sjukehuset var cellegiftbehandling. Ein kur som er slik: Hovudkur med gemcitabin og cisplatin første veke. Påfyll med gemcitabin veke 2 og 3. Den fjerde veke skulle kroppen få kvila. Kor mange slike kurar eg skulle ha ville verta bestemt av kva kroppen tålte og korleis ting gjekk.

Tove og eg bruka resten av tida på sjukehuset og nokre dagar etterpå til å jobba med eigen realitetsorientering og psyke. Me fann fort ut at svært mange faktorar var på vår side: Eg var i brukbar fysisk form, eg er grunnleggjande optimist, eg har kone, ungar, familie og venner som støttar opp og me har ressursar til å orientera oss i forhold til kva som kan vera lurt å gjera slik stoda er.