mandag 30. juni 2008

Siste såleforskaling

I dag reiste Jim & Co med gravemaskina etter å ha fylt opp bak murane og lagt singel inne i huset. Så då kunne far og eg starte med å lage forskaling for sålen for framveggen av huset. I tillegg så har eg rota litt med fjellet bak huset og blitt noko bekymra over sprekker i fjellet. Eg vil difor ringe fylkesgeologen i morgon å få til ei befaring. Sprekkdannelser i fjellet er noko vi ikkje vil gamble med.


Her vil hovedinngangen ligge.



Ein del av fjellet bak som må gjerast noko med.

lørdag 28. juni 2008

Steinkasting

I dag har boda stått i fokus opp i tomta. Vi har slemma ferdig veggane og fått på grunnmursplasten. I tillegg har vi fått fylt i ein god del med stein frå haugen ved sida av tomta.


Vi lempa ein del stein i dag og meir må lempast til uka

fredag 27. juni 2008

Nytt kamera

Eg kjøpte meg nytt kamera hjå PP Lyshol i lunchen i dag og måtte opp i tomta å knipse litt. Og der hadde det skjedd ein heil del sidan Ole Jakob ikkje har vore på jobb i dag. Det har blitt fylt opp på baksida så no har det blitt ein fin platting der.



torsdag 26. juni 2008

Utebod

I dag fekk vi opp resten av uteboda og fekk begynt å slemme den på utsida. Eg tok bilder av den men kamera har definitivt sett sine beste dager og alle blei misslykka. Spørs om eg må investere i eit nytt eit.
Ellers fekk vi besøk av nevøen min Petter i dag og han var til stor hjelp. Spesielt når det kom til spyling av eltemaskin der han viste høg klasse og iver.



Petter sit opp på muren på baksida. Her har det fylt opp bra i dag. Legg merke til Petters korrekte antrekk, kjøpt på Anfield.


Jim får ikkje lov til å køyre den store gravemaskina så han måtte lage seg ein liten haug å stå på for å nå over veggen med grabben sin. ;-)

onsdag 25. juni 2008

Klar til fylling

I ettermiddag kom Jim med gravemaskina og vil starte med å fylle i bak murane i morgon.
Arbeidet i dag sto i å skru på ei lekt på overkant av grunnmursplasten så det ikkje skal kome singel mellom veggen og plasten, legge opp avløpsrør for tak og terasse, og til slutt å mure uteboda.


2 av avløpa frå taket.


Det manglar ett par steiner på boda før vi legg på U-blokkene på toppet. Etter dette må vi slemme og ha på grunnmursplast.

tirsdag 24. juni 2008

Klart for entreprenørarbeid

Det har vore stilt på bloggen dei siste dagane av ymse årsaker. For det første så har det vore eit vanvittig dritvér og i tillegg litt jonsokfeiring. Men det har skjedd litt der oppe sjøl om det ikkje har vist her inne.
Her ei natt så fekk far ein knakande god idé. Vest for huset har det blitt skote ut ein del fjell, og dette meinte han vi burde utnytte med å lage ei utebod som vil bli under bakkenivå. Boda blir under utstikket på kjøkkenet og med ein sørvendt inngang. Vi heiv oss rundt og forskalte og murte opp ein såle før vi begynte å mure opp veggane med Leca. Vi er no godt i gang med dette og har i tillegg fått på grunnmursplasten rund baut so det no klart til gravemaskina som kjem for å fylle "atti" i morgon.


Utebod


Vi hadde allereie hatt på grunmursplast så den måtte vi plukke av igjen. Vi vil kle den rundt boda så snart vi har fått opp rett høgde.

torsdag 19. juni 2008

Grunnmursplast

No har vi fått rydda vekk stilas og forskaling og held på å ha på grunnmursplast. I neste veke kjem ei maskin og skal fylle i bak husveggen.




Ved sida av tomta ligg der en stor haug med stein som gravemaskina ikkje kjem til. Denne haugen må vi difor lempe inn til vestre husvegg for hånd. Kjem til å bli sterk av heile greia...

mandag 16. juni 2008

Støyping av Bewi

Da er 3 av veggane støypt og alt gjekk som ein draum. Vi har vore ganske nervøse og tenkt mykje på alt som kan gå gale når man fyll opp ein 3 meter høg vegg med betong, men heldigvis så har absolutt alt gått bra i dag. Det har faktisk ikkje vore eit pip fra veggane, ikkje noko knirkelydar eller noko som skulle tilsei at belastninga var stor. Vi støypte i 3 omgangar og eg holdt slangen medan ein kar fra UniCon styrte sjølve pumpa og bommen med sin fjernstyrte kontroll.


Bommen til pumpebilen er på heile 41 meter


Veggane er ferdigstøyp og vi gjekk rundt etterpå å justerte litt på støttene.

lørdag 14. juni 2008

Klar til støyping

På mandag kjem betongbilen og vi har derfor jobba med å bli ferdig med veggen. Siste dagane har gått med på å lage feste for bjelkelaget til etasjeskille, forskale endane av veggen og til å feste støtte og rette opp veggen. Så no er alt klar til støyping.



Vi satt støttene på utsida av veggen sidan det då blir lettare å jobbe på stilaset når vi skal støype. Støttene blei bolta fast i fjellet.
Ein av boltane som vil bli støypt inn i veggen. Disse boltane vil bere golvet mellom 1 og 2 etasje. Hovudet på bolten er skjult bak armeringsjernet. Eg har klart å knust skjermen på kamera så eg får ikkje sett kva eg tek bilde av før eg får lasta dei over på pc, difor noko dårlig kvalitet...

Her vil ein jerndrager bli festa til veggen. Isoporen, eller gniks som vi kalte det før, fungera som forskaling.

"Gniksen" sett innanfrå.

tirsdag 10. juni 2008

Bolter til bjelkelag

I dag har vi fått støypt to fundament der tre berande søyler blir ståande. Vi vil i tillegg bruke disse fundamenta til å montere støtter til veggen før vi fyller den med betong. Vi har også fått laga hol i Bewi'n der 12mm boltar som vil bere vekta av golvet blir festa. Disse boltane går no gjennom ein dragar som er skrudd fast i Bewiblokkene. Når vi fyll veggen med betong vil disse boltane bli innemurt og dermed bom fast.


Berande søyler på begge sider av gangen i kjelleren. Teknisk rom bak til venstre.


Eine holet er litt større enn dei andre, her vil ein jerndrager bli festa.



Fundament i etasjen under kjøkken.


Dragar er skrudd fast i Bewi'n og boltane går no godt inn i veggen. Dei vil bli faste når veggane blir fylt med betong.

fredag 6. juni 2008

Siste rad med Bewi for no

I dag fekk vi henta og montert resten av stilaset samt armert nest siste rad og lagt den siste Bewi rada i denne omgang. Denne rada har utsparinger for utstikket vi vil ha på kjøkkenet/stua.
Vi kan også sjå konturane til der døra ut fra vaskerom/teknisk rom vil vere i kjelleren på austsida av huset.
I morgon blir det nok berre ein kort ryddedag sidan det er Sykkylvsdagane i helga og det er mykje liv og røre i sentrum. Må no få med seg det når det først skjer noko :-)


Utstikk og utgang til uteplass på vestsia vil der veggen er på det lavaste.


Dør ut fra vaskerom/teknisk rom kan skimtast no.

torsdag 5. juni 2008

Tette endeveggen

Det blei ein kort dag i tomta i dag. Det vi fekk gjort var å sette opp stilas, tette enden på vestveggen og legge nokre Bewielement.


Vi har lagt isopor i enden av veggen. I tillegg må det opp ein forskalingskassett før støypinga.


Her vil det gå ein jerndrager. Den vil gå over foldedørene i kjellerstua.


Etasjeskille vil gå litt opp på den øvste rada med Bewi.

onsdag 4. juni 2008

Bewi rad 4 & 5

I kveld fekk vi lagt 2 rader med Bewi. No når vi er over på kun to armeringsjern pr rad så går det mykje raskare å bygge.
I tillegg dukka mor opp og hjalp oss med å sette saman elementa.

No er det berre ei rad til som skal opp, og på denne skal vi montere ein drager der etasjeskille vil kome. Men før vi kan gå vidare no må vi få tak i stilas og montere det.


Mor monterer ei Bewiblokk



Veggane er overraskande stødige og rette sjøl om vi enda ikkje har festa på støtte av noko slag.

tirsdag 3. juni 2008

Bewi rad 3

Det er moro å bygge med Bewi. Vi la i dag tredje rad. Montering av elementa samt lø opp heile rada tok ca 1 time. Det som tek tid er å få lagt i armeringsjern og få bensla disse fast. I rada vi no har lagt er siste rad med armering både på øvre og nedre bru (bru er dei svarte plastbitane som festa dei to flatpakka elementa saman så det blir til ei blokk). Neste rad vil kun ha armering i øvste bru, noko som gjer jobben lettare. Dette er noko spesifikasjonen fra Bewi seier så vi fylgjer den. Når neste rad skal opp så må vi til med stilas.

Bakveggen, fortsatt bein og fin.


Her la vi ytterjernet eit hakk inn for å binde saman dei vertikalgåande armeringsjerna.


Vestveggen sett innanfrå. Det vil også bli lagt jern i brua ovanfor, dette rakk vi ikkje i dag.

mandag 2. juni 2008

Bewi rad 2

I dag har vi fått lagt rad 2 av bewiblokkene og det gjekk heilt greit. Dagens økt var på 2-3 timar og på den tida fekk vi lagt heile rada med blokker, samt legge i og feste 4 armeringsjern (to oppe og to nede).


Mor inspiserar dagens verk.