torsdag 27. november 2008

I går var Unicon og Betcom på plass og fekk støypt alle golva. Resultatet blei veldig bra men vi har vore litt uheldig med enormt med nedbør og mildver så det har vore ein del vatn inne i huset sjølv om taket no er tett. Takvindua er ikkje heilt tette enda og i tillegg har mildvèret gjort at snø og is som har vore i diverse kanaler og sprekker no har smelta og rent inn i huset. Dette har dråpe ned på det nystøypte golvet og sjølvsagt akkurat der vi skal slipe betongen. Vi oppdaga heldigvis dette i går og fekk fiksa merka sånn nogen lunde og dekt dei til.


Badegolvet med sluk og nedløp. I hjørne skal det kome dusj og sidan golvet der skal vere nedsenka så støype vi det for seg sjølv før vi flislegg badet.


På kjøkkenet skal vi ha slipt betong.


Dusjen i kjellaren skal også vere nedsenka og blir støypt seinare. Bak dusjen vil veggen mot teknisk rom kome.


Kjellergolvet, slett og fint.

søndag 23. november 2008

Søndagsjobbing

Sidan vi skal støype på tirsdag måtte vi trå til med å få klargjort garasjegolvet i dag, sjølv om det er søndag. Vi fekk tømt garasja for material, isolasjon, gassgrill, sykkelvogn og ein gammal bil. Så la vi isolasjon og armeringsmatter, og Lars Petter fiksa sluk til avløpet. Birgitte og Emilie kom også opp ein tur og tok nokre bilder av den nye takkonstruksjonen.


Emilie hjalp til med å legge isolasjonen i garasja.


I garasja blir det 5 cm med isolasjon. Eg hadde tenkt å ha vannbåren varme i golve her også, samt isolere garasja men etter å ha lest ein del på forum slo eg frå meg den tanken. Om ein bil går fra varmt til kaldt kvar dag vinterstid vil det kome kondens i forskjellige kanalar i karosseriet og bilen vil ruste. Ein rusta bil er eg lite sugen på så kaldt og tørt er ein bedre måte å lagre den på om vinteren.


Bildet tatt frå takterassen.


Takvindu sett frå stua. Til venstre skimtar vi brua, der vil det kome eit glassrekkverkt så vi ikkje går på trynet utføre og havner i stua.


Takvinduet sett frå "brua". Vi skal ha eit vindu som vi kan åpne, det er ikkje klart enda så difor er det bare satt inn ei isoporplate der no. Eller ei gniksplate som strengt tatt er det rette navnet.




Utsikta frå 3. etasje.

lørdag 22. november 2008

Krona på verket

I dag har vi hatt besøk av Ole Elling, Geir og Christian frå Ove Straumsheim AS. Dei kom med sjølve krona på verket, takvinduet. Sidan vi ikkje fekk tak i kranbil pga glatte og bratte veger måtte vi bere takkonstruksjonen og vindua opp sjølve. Men med så mange staute karer gjekk det lett. Vi fekk opp sjølve konstruksjonen og Straumsheimkarane festa denne medan vi jobba med golva. Så bar vi opp vindua og satt i disse. Resultatet blei heilt perfekt! Konstruksjonen og vindua satt som eit skudd og sluttresultatet blei rett og slett lekkert. Vi er strålande fornøgd og syns det er kjekt å ha så dykte folk til å utføre skikkeleg håndverk.




Far og Jens Arne, konstruksjonen er på plass.




Ole kom med glasa.





Christian justerer eine hjørnevinduet.


Geir studerer verket resultatet.



Det kom mykje snø i natt men naboen Ove kom med traktor og pløgde vegen. Kjekt med gode naboer!

Rør og armering

Vi har fått ned alle røra til vannboren varme i kjellaren og lagt på armeringsmatte opp på disse. Vi har også fått lagt rør på kjøkkengolvet og baderomsgolvet i 2. etasje.


Sondre og Lars Petter legg rør.


Vi må dokumentere plasseringa av rør slik vi veit kor dei ligg til ettertida.

Innsetting av vindu

Vi har no fått inn dei fleste vindu med trekarmer inne og aluminium ute. Det var godt å få dei inn sidan det har vore mykje snø og vind siste døgn så vindua har hindra at huset har blitt fullstendig nesnødd innandørs.




Vi bora inn i betongen før vi skrudde disse skruane inn. Dei set noke j#¤lig, rart å skru skruar rett i betongen.


Vinduet til badet i 2. etasje.

Rommet til Emilie, no med vindu fra golv til tak.

tirsdag 18. november 2008

Rør og vindu

No har vi starta med å legge rør for vannbåren varme og Jens Arne, Lars Petter og Arne hjalp til med dette. Jens Arne bygde hus for nokre år sidan så han og Arne er utlært med å legge rør. Medan vi styrte med rørlegginga satt far inn 3 av kjellervindua. Dei ser veldig bra ut, montering, finish og farge er heilt perfekt!


Rør for servant i 2. etg, Brinerør (det lave er retur, det høge er tur). Dei to røra som stikk opp er for underkjøleren som vil bli brukt til snøtining på trappa.


Arne og Lars Petter legg røra til vannbåren varme. Uri & Sønn har lånt oss verktøy til å feste røra i isoporen. Røra er også kjøpt på Uri.


Far festar vindu medan Jens Arne legg rør.


Teknisk rom der varmepumpa vil stå.



mandag 17. november 2008

Meir isolering

Den siste tia har gått med til å isolere kjellergolvet og klargjere det til støyping. Støypinga vil foregå neste mandag og da vil vi støype heile kjellaren, garasjegolvet samt kjøkkengolvet og badegolvet i 2. etasje. Vi skal ha slipt betong på kjøkkenet så derfor skal også det støypast no.

Vi har også fått opp bewi utvendig på gesimsane på takterassen og alt der er klart til å få taktekkinga fullført. Håper taktekkerane kjem i morgon og gjer alt ferdig.

I dag starta far med å gjere klart til å sette i vindua som vi fekk levert på fredag. Dette er dei "vanlege" H-vindua med aluminiumsprofilar utvendig og tre innvendig. Dei spesialtilpassa vindua og skyvedører kjem seinare.


Far på takterassen, vindsperra rundt gesimsen er på plass.


Bewien går no heilt til topps. Når det blir vår vil vi pusse og male veggen.


Arne, svigerfar til broder'n, kom ein tur i kveld og hjalp oss med å legge rør til vannboren varme.
Etter råd fra Bjørn i Energi-Spar la vi returrøret frå den utvendige trappa (som ikkje er laga endå) under isolasjonen. Tur-røret går mellom dei to laga med isolasjon. Eg hadde tenkt å legge disse røra opp på isolasjonen og støype dei ned men sjølvsagt vil returrøret ha ein så lav temperatur at den vil kjøle ned golvet. Derfor ligg den no under 20 cm med isolasjon. Dette hadde eg ikkje tenkt på og er glad eg blei gjort merksam på det før golvet var støypt.
Varmepumpa kjem om ein månad eller to og er av merket Ekowell.


Jens Arne hjelp til med å legge isolasjon i kjellaren.

torsdag 13. november 2008

Isolering av kjellergolv

Isoleringa av kjellergolvet er no i full gang og vi blir kanskje ferdig med sjølve isolasjonen laurdag eller mandag. Målet er å bli ferdig med alt (rør til vannbåren varme og armeringsmatte) til torsdag for da kan vi få støypt golvet, håper vi rekk det.


Far legg 10 cm isolasjon frå Vartdal Plast


2 x 10 cm blir 20 cm isolasjon det....


I kveld starta vi med å isolere bodene og kjellerstua også.

Vi fekk og lagt inn vannledninga til garasja. Denne ligg under isolasjonen, og i isolasjon gjennom garasjeveggen.

mandag 10. november 2008

Tak og golv

På grunn av omgangsjuka har det vore dårleg med oppdatering på bloggen sist veke. No er eg omsider på beina igjen og på laurdag fekk eg bli med på arbeidet eg også. Far har vore på plass kvar kveld sjøl om huseigaren har vore sengeliggande. Det som har skjedd den siste tida er taktekking, hatt på vindskei og beslag på 3. etasje, fått opp takrenne og satt opp rekkverk på takterassen. Nedløpet på garasjetaket gjeng ned i garasja og ut gjennom avløpet i den. Lars Petter la opp dette på laurdag.
I dag har vi fått bora eit høl i bakveggen til garasja så vi får trekt ned ei vannledning, kjekt å vannuttak i garasja så eg får vaska bilen :-)
Eg starta så smått å legge isolasjon på golvet i kjellaren også. Golvstøyping i kjellar og garasje blir det neste prosjektet no når taket er tett. Dette blir forsåvidt avbrote av innsetting av vindu sidan vi skal få første leveranse av dette til helga.


Vindskei og takregge er no på plass på toppetasjen.


Kasper, Petter, Emilie og Birgitte inspiserar takterassen.


Eg måtte grave eit stykke ned i golvet på kjellerstua for å kome under hulldekket før eg bora holet vannledninga vil gå gjennom.


Isolasjonen til golvet i kjelleren er sjølvsagt kjøpt på Vartdal Plast, landets beste og hyggelegaste leverandør av byggisolasjon!!

tirsdag 4. november 2008

Ove Straumsheim AS

I kveld har vi vore hos Glassmester Ove Straumsheim AS og gått igjennom mål og vinklar for glasstaket. Profilane er ferdig lakkert og Geir starta straks med å kappe etter mål og vinklar.


Geir Straumsheim ved profilane


Geir kappa profilane i begge endane samtidig med den nye saga deira.


Far teiknar og forklarer medan Ole og Geir grubla


Ein aldri så liten prøvemontering av dei ferdigkappa profilane.

mandag 3. november 2008

Taksluker

I dag har taktekkerane vore på plass og har nesten fullført jobben. Når dei hadde tatt kveld troppe eg og far opp og la inn rør for takslukane, isolerte gesimsane og laga hol i isolasjonen til pipa. Til slutt festa vi på beslag mellom tak og gesims som taktekkerane skal sveise "parapeten" til. Parapet er det vanntette laget som ligg på toppen av taket.


Bewien midt i bilde vil bli ein del av rekkverket på takterassen. Der vil kome ein sluk på kvar side av det, ein på takterassen og ein på utstikket utanfor.


Ein sluk på takterassen og ein på utstikket på stua.


Isolasjon mellom Bewi og takisolasjon. Utanfor Bewien ligg utstikket til spisestua.


Her held eg utskjeringa for pipegjennomføringa. 30 cm med isolasjon, i tillegg ligg der 10 cm med rockwooll i bunn.