tirsdag 30. juni 2009

Golva i hus

I dag kom Dinesen golva frå Danmark og med hjelp fra Cato i Thermotank fekk vi dei trygt i hus. Vi har hatt nokre lange kvelder med å få klar vannbåren varmerøra slik vi kunne ta imot golvet i dag og brukte mandagen på å sluttføre dette.
Laurdag var eg i Trysil og feira svigermor så da var far aleine i huset. Han jobba då med å fjerne ein del av takterassen slik den ikkje gjekk over taket på verandaen i 2. etasje. Dette gjorde at midtpartiet av huset kom meir til sin rett. Man ser no klart korleis trapperommet deler huset i to kuber. Tøft :-) Sidan taktekkerane ikkje har fått fiksa taket som blei endra så blei taket dekt med ei presening. Men når det bøtta ned som det gjorde mandagskvelden var dette dessverre ikkje nok. Det kom vatn inn i huset under ein vanvittig "Thunderstorm" og dette skada innertaket i kjellaren. Golvet i hovedetasjen blei vått og vatnet trekte ned i taket under. Men det ser heldigvist ut til at det kun er ei takplate som må byttast.


Takterassen går no ikkje lenger framom takvindua.


Per Gunnar og Lars Petter la røra etter eg hadde fresa spora.


Cato fra Thermotank på plass igjen og kraner planken på plass med sedvanleg presisjon.


Borda er fordelt og ligg klar for legging.


28mm tjukke og 30cm breie bord. Dei lengste borda er over 9 meter lange.


Det første bordet er på plass for å teste om det passer bra, noko det gjorde. Det første bordet er kløyvd for at legginga skal gå opp når borda møter borda som går framom kjøkken og trapp. Meir om dette seinare. Vi skal legge papp under borda så vi har ikkje festa det enda.

torsdag 25. juni 2009

Golvlegging

Medan far har holdt på med gesimsane ute har eg og Jens Arne lagt silencioplater på golvet på stua. Dette er plater med trelekter imellom som golvet skal skruast i.


No er det bare å frese svingane i endane på platene der røra skal ligge. Peisen snart klar til måling. Kjipt å jobbe inne når det var 25 grader og sol ute...(kveldsol på bildet, kl.21.30)


Peisen sett frå gangen ved badet. Trapp opp til brua øverst i bildet


Undersiden av trapp opp til brua


Trapp opp mot hovudetasjen.



Ellers er murane no ferdig pussa og kanskje vi får målt dei etter ferien.

onsdag 24. juni 2009

Trappa på plass

I kveld hadde vi dugnad der Tor Einar, Lars Petter, Jan Halvard og Marius møtte opp og hjalp til med å få trappa på plass. Den første trappa frå kjellar til repos var allereie oppe, og den neste fra repos til 2. etasje gjekk veldig fint på plass. Trappa frå 2. etasje til andre repos gjekk også greit å få på plass, men den passa ikkje heilt så vi må gjer nokre justeringer for å få den til å sitte heilt perfekt. Det samme gjeld den siste trappa frå andre repos til "brua" i 3. etasje. Men vi fekk no på plass beistet, og eg er veldig takknemmeleg for hjelpa vi fekk. Med stropper og muskelkraft gjekk jobben veldig bra. Takk kara!! Birgitte og Emilie kom og inspiserte og fotograferte.


Trappa på veg til trapperommet for å løftast på plass. Emilie følger spent med, alltid frå sikker plass.



Marius og far står i 2. etasje, eg og Lars Petter står på reposet medan Jan Halvard og Tor Einar står på brua og løftar trappa opp med stropper.




Far var den første som gjekk opp trappa


Endeleg på plass!! Vi skal ha 35mm Dinesen trappetrinn som blir skrudd på trinna. Rekkverk blir i glass utan topplist, festa med klemvanger.

mandag 22. juni 2009

Legging av rør

Fredagskvelden var Per Gunnar frå Uri & Sønn på plass og hjalp oss med å legge rør til vannbåren varme. Sjå video og legg merke til dei velinnøvde "moves'a" til Per Gunnar.
Taket i kjellaren er no ferdigmåla og det tek nok ikkje lang tid før heile kjellaren er kvit. Vi har også så smått starta med å montere trapp, men sidan vi kun har vore 2 stk så har vi bare fått på trapp frå kjellar til første repos. Vi må ha hjelp til å få på resten av trappa sidan den er rimelig tung.


Ein dansande Per Gunnar legg rør.


Peisen er no klar til pussing.




Første trappeløp på plass. Trinn i tre vil kome på etterkvart. Rekkverk i glass festa med ein klemvange vil også kome med tid og stunder.




Golvet før sponplatene kom på.


Rommet til Emilie, sponplater på plass.

torsdag 18. juni 2009

Trappa i hus

Vi har jobba litt med peisen og fått montert nokre overganger til pipa samt frest litt spor i golv for golvvarme. Men dagens store begivenheit var å få trappa i hus. Cato frå Thermotank køyrde til Stranda Stålvarer og henta den i dag, og krana den så og sei inn i huset. I går kom kjøkkeninnreiinga og sidan vi hadde kranbil på plass så fekk vi heisa det også i hus. Kjekt vi slepp å bere dei opp, tunge dissa høgskapa. Dessutan er det billegare i det lange løp å leige kranbil enn å gå til kiropraktor ein måndads tid ;-)

Vi har ikkje montert trappa enda så vi håper alle mål er rette og at den ramla fint på plass.
"Time will show" som Blodstrupmoen sa det.


Cato i Thermotank, en mann som klarer det meste med kranbil!


Trapp frå 2. til 3. etasje er i hus.


Høgskapa på kjøkkenet er klar for utpakking og montering.


Peisen tek form.

onsdag 17. juni 2009

Pussing av yttermur og oppsett av peis

I dag starta murmesterane for alvor å pusse ytterveggane, og dei jobba fort. Vèret var strålande så det var perfekte forhold til å jobbe ute.

Når eg og far kom opp i huset starta vi med å få opp peisen sidan denne må vere på plass før vi kan legge golvet. 

Montering av plater har begynt.

Peisen er bygd opp til rett høgde, alt er watra opp og klart til å kleast inn.

Halve bakveggen er pussa, murpussen er enda ikkje tørr.

Finishen er kosta og er ganske grov. Vi skal etterkvart måle den kvit men det blir nok på andre sia av sommarferien.

søndag 14. juni 2009

Sykkylvsdagane

I helga har det vore Sykkylvsdagane så laurdagen blei litt kortare enn vanleg. Vi slutta tidlegare slik vi fekk med oss utendørskonserten med Tone Damli Aaberge og Åge Aleksandersen. Sistnevnte imponerte stort med sitt "Samband"
Men noko blei no gjort allikevel. Eg oppdaga fredagskvelden at det var 2 forskjellige typer golvplater og eg hadde sjølvsagt lagt feil type på soveromma. Så da var det bare å ta opp igjen platene og legge dei rette. Eg fekk lagt golva på soveromma oppe samt gang mellom soverom og bad. 2 polakkar som jobbar for Kjøsnes la flisene på vaskerommet og i gangen i kjellaren. Det var ikkje mange timane dei brukte, dei jobba imponerande fort og resultatet blei perfekt. Far kledde bakveggen med Bewi slik den gjeng i ett med rekkverket på takterassen.


2 nye rader med Bewi lagt utanpå treveggen for å få rett høgde på veggen som skal pussast og målast.


Veggen skal no pussast så vi måtte få på beslag slik at dei kan festast med murpuss.


Gang i kjellar er flislagt, det samme er vaskerom/tekniskrom som er til venstre for ytterdøra i enden av gangen.


Vi skal ha Dinesen tregolv og dei må skruast fast i lektene mellom platene. Disse platene hadde eg lagt med not og fjær på soverommet, men dei var visst beregna for å feste lektene mellom platene med. Sidan det er gjenbruk fra soverommet er der nokre høl i dei.

torsdag 11. juni 2009

Kjeller klar til måling

I dag blei vi ferdig med kjellaren og fekk rydda ut alt slik at Lindvik-karane kan starte med å sparkle og pusse. På tirsdag fekk vi levert Silencioplatene og vi starta å legge disse i dag. Vi vil fortsette med dette arbeidet i morgon, eit arbeid som må vere ferdig til 30 juni for då kjem golvet frå Dinesen i Danmark. Det må rett i hus så da må alt vere klart. Vi må også få opp peisen og lagt vannbåren varme til den tid, neste så eg blir småstressa.


Master's bedroom med plater lagt. Vi må frese endane for å få snu røra. Man kan kjøpe endeplater som har fresa inn disse bøyane men dei var dyre så vi droppa det og freser sjølv. Eg er no Sunnmøring for svarte!


Walkin' closet


Vi fekk platene inn på tirsdag. Dei er 36 mm og har spor for 16mm rør til vannbåren varme.


Far blei ferdig med vinduskarmane i kjellaren i dag.


Badet i kjellaren med påsmurt membran

mandag 8. juni 2009

Klart til membran

No er alle våtrom klare til smøring av membran. Mr Kjøsnes starter med dette i morgon. Vi har også fått opp badekaret i dag, måtte få det opp for å vere sikker på at det passa inn før smøring av membran starta.


Badekaret passa perfekt! Det skal byggast inn med Wedi plater og flisast inn.


Dusjhjørne og badekar i 2. etasje


Badet i kjelleren. Metalluka skjuler koblingskapet til vatn og røret ut under dette er i tilfelle lekasje. Vatnet vil då kome ut på golvet og vi vil oppdage det raskt.


Dusjhjørne i kjelleren

fredag 5. juni 2009

Klargjering av våtrom

Fokuset no er å få ferdig våtromma i kjellaren slik flislegger kan starte mandag. Vi håper vi klarer det, men da må alt gå på skinner laurdag.


Bad i kjeller der veggen mot trapperom er kledd. Her vil baderomsinnreiinga kome


Vi må fore ned taket for å skjule røra til ventilasjonsanlegget. Som på resten av huset bruker vi teknikken med vinkeljern. Taklamper blir innfelt på samme måte som på kjøkkenet.


Nedforinga


Garderobe ved siden av ytterdøra på vaskerommet (teknisk rom)


Veggen der innreiinga på vaskerommet vil stå.


Vannutak for krane på ytterveggen ved kjellerdør, her kjem det ei inspeksjonsluke. Dette blir skjult inn i skapet ved døra.