Bråthun Hyttetun
 
Du kan velje mellom tre flotte hytter som ligger rett ved Hardangerfjorden. Alle hyttene ligg i eit naturskjønt område med nydeleg utsikt til fjord og fjell. Panoramautsikt over sjøen. Fiske og badeplass rett ved hyttene (10m). Gode fiskemoglegheiter frå molo eller båt. Badestranda er ei nydeleg sandstrand som ligg usjenert til. Uteplassen rundt hyttene passar både til soling og leik. Gratis utlån av kano og trøbåt/pedalbåt. Redningsvestar tilgjengeleg for alle. Båt er inkludert i leiga av hyttene. Utleige av motor.
To av hyttene er lafta solide "OL-hytter" som blei brukt under OL på Lillehammer i 1994. Stove med open kjøkkenløysing, romslege soverom, bad/dusj/wc, vaskerom og eigen badstue. Hyttene er godt utstyrte, du treng ikkje tenkje på anna enn mat og personleg utstyr. Den eine hytta "Naustet" er eit fullt ombygd naust som ligg like i strandkanten. Naustet er ei svært triveleg hytte på to etasjar med romsleg gang, bad/wc/vaskemaskin, open stove/kjøkkenløysing og tre soverom. Ein hellelagt terrasse/grillplass er laga til utanfor. For meir informasjon sjå under bilda av kvar enkelt hytte.
Bråthun Hyttetun ligg ca. 1,5 t frå Bergen og 2,5 km frå Omastrand.
 
Hyttene:
 
Naustet nr.438 (til venstre), Hytte nr.436 (midten) og nr.434 (til høgre)
 
Hytte nr.436 (N19141)
 
 
    
    
 
Husinformasjon (nr.436)
- Feriehus, 75 m2
- 4 meter over havet
- 6 personar
- Byggeår 1996
- Naturtomt, 300m2
- P-plass på tomta
- Straum inkl.
- Husdyr tillete
Utstyr
- Badstue
- Vedovn + El.oppvarming
- Farge TV / Parabol (tyske kanalar)
- Radio
- Vaskemaskin
- El.komfyr og mikrobølgeovn
- Kjøkken m/varmt og kaldt vatn
- Kjøleskap + Fryser (96l)
- Kaffetrakter og støvsuger
- Sløyeplass ute
- Båt 14ft. Motor 9,9hk kan leigast
- Hagemøblar og grill
- Barnesenger
Romma
- 3 soverom med
2 soveplassar kvar
- Stove
- Bad med wc og dusj
- Badstu
- Terrasse / veranda

Hytte nr.434 (N19142)
 
 
    
    
 
Husinformasjon (nr.434)
- Feriehus, 80 m2
- 4 meter over havet
- 7 personar
- Byggeår 1995
- Naturtomt, 300m2
- P-plass på tomta
- Straum inkl.
- Husdyr tillete
Utstyr
- Badstue
- Vedovn + El.oppvarming
- Farge TV / Parabol (tyske kanalar)
- Radio
- Vaskemaskin
- El.komfyr og mikrobølgeovn
- Kjøkken m/varmt og kald vatn
- Kjøleskap + Fryser (96l)
- Kaffetrakter og støvsuger
- Sløyeplass ute
- Båt 14ft. Motor 9,9hk kan leigast
- Hagemøblar og grill
- Barnesenger
Romma
- 3 soverom med
2 soveplasser kvar
- 1 soverom med
1 soveplass
- Stove
- Bad med wc og dusj
- Badstu
- Terrasse / veranda

Naustet, nr.438
 
 
    
    
 
Husinformasjon:
- Feriehus, 45 m2
- 4m over havet
- 6 personar
- Fullt renovert 1998/99
- Opparbeidet uteplass
- P-plass på tomta
- Straum inkl.
- Husdyr tillatt.
Utstyr:
- Varmepumpe
- Farge-TV og radio
- Parabol, tyske kanalar
- Vaskemaskin
- Mikrobølgeovn og El. komfyr
- Fryser 96 liter
- Kjøkken, varmt og kaldt vatn
- Kjøleskap og avtrekksvifte
- Sløyeplass ute
- Hagemøbler og grill
- 14 fot båt. Motor kan leigast (6hk)
Romma:
- 3 soverom - to på loftet
med to senger på kvart rom.
- 1 soverom nede med køyeseng.
(120cm breid nede og 75cm breid oppe.)
- Stove og kjøkken i eitt.
- Bad med toalett, vask,
vaskemaskin og dusjkabinett