Blomstertorget ligg i Dale Senter, Dale i Sunnfjord, og er medlem av Interflora. Bedrifta driv og Sunnfjord Gravferdsbyrå. Butikken har satsa stort på gåve og interiørvarer. Blomstertorget vart i 2002 kåra til årets Interfloramedlem, og fekk næringsprisen til Fjaler Kommune i 2005. Vi har Hageland hagesenter i tilknytning til butikken der vi alltid kan friste med mykje flott til hus og hage. Blomstertorget er ein spanande butikk, og vi set vår ære i å oppfylle dine blomsterynskjer når du vil gi nokon noko vakkert. Hausten 2019 flytta vi inn i heilt nyoppussa butikk...det var gøy! Ta turen innom og sjå kor fint det er vorte.