lørdag 31. mai 2008

Klatring på Kolsås.

Kl 10.00 i dag tidleg var det dekka til frukost ute i hagen vår. Jo, Robert Bråten, Øyvind, eg og Vidar sola oss gjennom ein god og lang frukost før vi tasla oss opp på Kolsåstoppen for å teste ut klatringa der oppe. Eg trur alle saman er enige om at det vart ein bra dag. Jo vart solbrent, Vidar brun og Øyvind sliten. Nå har eg, Vidar og Øyvind grilla og kosa oss. Det var nemleg på høg tid med litt mat. Øyvind var berre så vidt han greidde å tygge maten så sliten var han. Legg ved eit bilete av Kolsåstoppen. I det kvite huset nederst i venstre hjørnet der bur vi!

fredag 30. mai 2008

Hengekøye og våtdrakt

Fortsatt strålande vær på Kolsås og Vidar tester ut hengekøya som vi fekk av Jo i går. Han har testa den ut i mange timar. Justeringar opp og ned, fram og tilbake. Akkurat slik Vidar justerer på dei fleste ting. Går berre og venter på at han skal finne fram tapen og konstruere ein eller annan ekstrafunksjon til hengekøya. Eg derimot sit og gler meg over den superfine våtdrakta som eg fekk av Vidar. Ei Neil Pryde 3000 5/3 lady. Håper på at det snart skal byrje blåse slik at eg får testa den ut. Viss ikkje blir det snart ein tur på stranda for å plaske litt i vatnet der saman med alle dei andre badarane. Det blir bra!



torsdag 29. mai 2008

Gjebursdagen vår!


I dag, den 29.mai, har eg og Vidar gjebursdag. Begge to, på same dag. I fylgje Vidar er det den einaste sjansa han har til nokon gong å hugse gjebursdagen min....sidan eg garantert hugser hans. Vi har i alle fall feira med brask og bram ute i hagen vår. Folk fekk servert grillspyd med rein og diverse andre godsakar, samt kake (ja, det er faktisk eg som har ordna den kaka som er på biletet over). Det var veldig hyggeleg å få så mykje besøk, stor stas! Nå skal eg leggje meg på sofaen og kose meg litt med boka mi, viss eg finn ho att i kaoset her. Oppvaskmaskina durer og går.
To fine damer!

BT!

onsdag 28. mai 2008

Oppvasken.....


....har til i dag vore gjort for hand, men nå skal det bli ein slutt på det. Vi har nemleg kjøpt oppvaskmaskin i dag! På bildet så driv Vidar ein intens kamp med å få den på plass. Eg kan i skrivande stund høyre småbanning frå inne på kjøkenet. Vi har altså ikkje testa den ut enda. Jau, nå kan den testast! Vidar har gjeve klarsignal! Da skal vi rydde inn vasken og gje gass. Det blir nok ei full maskin på fyrste forsøk. Vi har nemleg spara på oppvasken fordi vi visste at det var maskin på gang.....

tirsdag 27. mai 2008

Vinterhagen vår


Må berre legge ut eit lite bilde frå vinterhagen vår. Ganske kos å ete frukost her ute, det kan eg berre si. Det er så kos at frukosten fort tek eit par timar......

Heim frå Sverige

I går var det heimreise frå Sveriges klatreperle, men ikkje før vi hadde vore innom Varberg ein tur. Varberg er eit lite vindsurfeparadis 40 minutt sør for Gøtebord. Der har dei ein stoooor surfebutikk og vi hadde sjølvsagt forhåndsshoppa ein del surfutstyr som måtte plukkast opp. Prisane i Sverige er, som på mange andre ting, gunstigare enn her i Norge. På turen ned dit måtte vi kjøre over denne brua som det er bilde av nedanfor. Den er rett og slett svært fasinerande, både på avstand og i det ein kjører gjennom. Seint på kvelden kom vi heim til Kolsås med bilen full av svenskevarer. Nokon har klipt plenen vår igjen, herleg!!


søndag 25. mai 2008

Ny dag med strålende sol, men klatringa....

......mi var jammen laber i dag. Kan hende trur eg litt på teorien til Vidar. Denne teorien går ut på at: på dei klatrefelta som er etablert av harde (les:gode) klatrarar, der er graderinga tung. I dag greidde ikkje eg å gå ei rute som var gradert på same nivå som ei rute som eg leda på naturlege sikringar i går, latterleg! Det er i alle fall greit å ha teorien til Vidar når klatringa var så dårleg som i dag. Eg greier sikkert å koma på ein heil del andre unnskyldningar for kvifor eg klatra så dårleg i dag og; rekene i går var dårlege så eg hadde magesjau, eller det vart for mykje cider i går, eg sov så dårleg i natt for Vidar snorka, eg sov så dårleg i natt fordi Vidar dansa rundt på nattbordet etter alt bjørnebrygget, eg har vondt i ei tå, eg har vondt i ein finger eller så kjennes det ut som om eg har fått kusma. MEN alt dette ville vera å lyge. Eg må nok berre innrømme at eg er ikkje den kollosale skarpklatraren som eg trudde eg var i går etter å ha cruisa opp ei rute som var mykje hardare gradert. Nei, slik er livet.

Vidar hadde ein god dag i veggen!


Øyvind ser langt etter Vidar.....


Hallo, kjem dykk etter snart eller slappfiskar?

Ida.k

Ida 1 og Ida 2. Ida 1 er verkeleg og Ida 2 er bruna, bleika både her og der, myrkna, retusjert og forsterka i fargane. Det ser mest ut som om ho skulle ha vore i Beograd i kveld.....kanskje kunne denne Ida 2 gjort det betre enn Sveriges Perelli.
http://idakalfoss.blogspot.com/

6- og reker

Dette har vore ein STOR klatredag for Øyvind. Han leda ei 6- rute på 30 meter på naturlege sikringar. Det er kanskje ikkje så imponerande for hardklatrar som les dette, men vi må nevne at det er den 4. ruta han leder på naturlege sikringar nokon gong! Både eg og Vidar tek av oss hatten, bra gjort Øyvind!
Eg er ganske tilfreds sjølv. Leda ei 5 rute på naturlege sikringar og gjekk ein 6- som toer. Vidar var ikkje tilfreds med dagens klatring, men han var like blid for det. Vi klatra på eit berg like ved Lyse kyrkje. Ein vakker liten knaus med nokre svært fine riss.

Etter endt klatredag var det ferske reker og bjørnebrygg på hytta til Ida og Bernt, NAM! Ida hadde laga nokre sauser/dressinger som smaka heilt fantastisk.
Nu er klokka over 12 og det er rett og slett leggetid om ikkje så alt for lenge. Eg skal berre legge ut nokre bilder til....eit lite forsøk som eg og Ida gjennomførte med god hjelp frå Bernt.


Vidar koser seg.....


Øyvind imponerte stort i dag, berre sjå på denne veggen!


Eh.....


Skummel majones!

lørdag 24. mai 2008

God kveld, god kveld!

Nok ein dag i klatreland. I dag har vi vore ute på eit nybyrjarfelt slik at eg og Øyvind skulle få lære oss å sette naturlege sikringar. Det gjekk greit, det må eg si. Mange fine riss som vi kunne stappe inn det meste av kiler. Været har vore heilt supert i dag og. Vi har stått i bar overkropp (eg i singlet) og kosa oss oppe i feltet i heile dag. Nå i kveld har eigarane av hytta kome og vi har ete ein betre middag beståande av grilla laks og chablis til. Skal få teke nokre bilete av eigarane og leggje ut i morgon. Det er spådd supervær i morgon og. Vi gler oss!

Øyvind fekk tid til litt soling og, Vidar ser på.....

Litt skeptisk Habberstad? Sikringane ER bra!

Opp, opp, opp.....

Finn eg rett kile, er den trygg?

Den glade vandrer x 2, ned frå feltet

fredag 23. mai 2008

Ny, fin dag i Sverige


Må berre leggje ut eit bilde frå hytta til Bernt og Ida. Den er superfin. Dei har fått det så fint, flinke folk! Har ein liten mistanke om at det er nokre loppisar som har vore besøkt. Det kryr av retroting inne her, stilig!

Vi besøkande er ferdige med frukosten og skal snart ut på ny klatrerunde. Vi har ikkje heilt bestemt oss for kor vi skal reise enda, det er mykje å ta av. Været er i alle fall fint, strålande sol og blå himmel. Det må berre bli bra. Skal prøve å ta nokre fleire bilder i dag og legge ut seinare i kveld.

torsdag 22. mai 2008

Klatring i Bohuslän.

Planen var at eg, Vidar, Øyvind og Jo skulle reise til Danmark og vindsurfe, men skrale vindmeldinger gjorde sitt til at vi prioriterte klatring i Sverige i staden. Det er nemleg ikkje så gøy å sitja på stranda vente på vind i time etter time. For ikkje å prate om døgn etter døgn. Jo fann ut at ski i Jotunheimen lokka meir enn klatring og svenskehandel så. Vi reiste i går etter at Øyvind var ferdig på jobb. Øyvind har fått låne hytta til Bernt og Ida (tuuusen takk, det er ein heilt nydeleg plass...skal leggje ut bilder så folk kan få sjå kor fint dykk har fått det her). Fint å ha ein plass å bu. I dag har vi i alle fall klatra nokre ruter. Rustne sikringsferdigheiter hjå Laksy, og lite innspel å spore frå oss to andre gjorde sitt til at det vart ikkje så mange ruter. MEN gøy, DET var det!


Max spagat!

Full fokus på unge Habberstad.....

Blid Øyvind nesten heilt oppe.


Nå er eg i gang.....

....med å blogge. Det er noko eg har tenkt på ei stund, eller det vil seie, det er Åsa Nord som har inspirert meg. Har lese bloggen hennar jamt og trutt sidan vi vart kjent tidlegare i vår. Er litt spent på korleis dette fungerer og korleis det blir sjåande ut på sida mi.
Nok skriving for denne gong, nå er eg spent på korleis det ser ut!