onsdag 27. april 2011

Starboard Kode 86

Starboard Kode 86, det nye brettet mitt.

Litt om livet på Maui og reisa hit.

Som dei fleste sikkert forstår av bileta eg har lagt ut så er det ganske så kos her. Vi kom fram etter 30 timar med fly. I Frankfurt fekk vi problem med å få ut boarding card til Vidar og Idunn. Vi burde kanskje ha forstått det når det småarrogante gold innsjekkingsdama på Gardermoen ikkje greidde å få ut reisa vår lenger enn til Frankfurt. Vi visste at vi hadde dårleg tid, med ein time transfer i Frankfurt, så vi sprang så fort vi greidde med handbaggasjen og Idunn på ryggen. Når vi skulle inn i internasjonal sone så ville dei ikkje sleppe oss inn fordi vi mangla boarding card, men etter litt diskusjon (Vidar slapp å byrje gråte...) kom vi gjennom og fram til gaten. Der hadde alle gått på flyet og det vart fullt virvar når vi kom. Det var ikkje tvil om at vi skulle med, men papira mangla. Flyet måtte vente. Etter mykje fram og attende, fekk vi eit handskrive boarding card og dermed var vi på tur over dammen.

Den lange flyturen (nesten 12 timar) gjekk veldig fint med tanke på at vi hadde med ei lita jente som slettes ikkje fekk ligge ned i noko basinett. Ho sat tålmodig på fanget og sov på tvers over meg og Vidar. Når ho var vaken smilte og showa ho som best ho kunne med alle dei andre passasjerane. Ingen sak!
Flink turist!
 Spennninga når vi landa i Los Angeles var sjølvsagt stor. Ville vi nå få eit helvete med å koma inn i USA. Det var nemleg noko av det dei dreiv å styra med i Frankfurt. Vi kom til skranken i passkontrollen der ein mann med strengt oppsyn og stor bart sat myndig og venta på oss. "Køen sluttar visst aldri" smilte eg og dermed braut han ut i verdas største glis. Eg forsto at her ville alt ordne seg på ein eller annan måte. Det gjekk heilt smertefritt og vi kunne gå ned for å hente ut baggasjen som nå måtte sjekkast inn på nytt før turen ut til Maui. Vi venta og venta, og venta, og venta. Til slutt kom ein mann bort til Vidar, som sto med Idunn på armen, og lurte på om han var Mr Laksy.  Han informerte om at all baggasjen vår fortsatt var i Frankfurt. Vi kunne ikkje anna gjera enn å gå inn på flyet til Maui og tru på lovnaden om at baggasjen ville koma dagen etter.  Den ankom faktisk Maui dagen etter og vi fekk den 2 dagar etter. Det var deilig å få vogna for Idunn.

Leiebilen fekk vi ut raskt og greit og dermed var vi på veg bort til hytta i Haiku. Her skal vi bu i ei veke.
Hytta ved vegen. Idunn er storimponert over vifta i taket.

Så måtte vi byrje å ordne plass å bu for det vidare opphaldet. Vi har sett på to hus. Den eine plassen ligg her i Haiku og den andre nede ved sjøen på North Shore. Må nesten beskrive besøket nede på North Shore. Vi kjørte ned ein smal asfaltert veg, forbi den eine storvillaen etter den andre. Utanfor gjerdene var det pitbullliknande hundar som sat og vurderte oss nøye. Snart kom vi til ein stor villa med ein port der det sto "vokt dem for hunden." Eigaren som vi prata med på telefonen hadde fortald oss kvar nøkkelen låg så vi kunne berre gå inn å sjå. Som vi gjorde. Det var eit heilt fantastisk hus, men det var lenge sidan det hadde budd nokon der. På golvet på kjøkkenet låg det enorme kakerlakkar på ryggen og det var store hårete edderkoppar i spindelvev i taket. Vidar kom plutseleg springande og børsta seg febrilsk i håret og på beina. Han var heilt dekt av små svarte insekt som hadde kravla opp på han. Da eg såg på leggande mine hadde eg og dei same så udyra på meg. Det vart ikkje så vanskeleg å si nei til den plassen likevel til tross for at den var fantastisk. Vi har informert eigaren om dette så nå er det satt igang eit lite opprenskingsprosjekt der.

Nå har vi i alle fall skrive under leieavtale på eit hus rett borti høgget for hytta her, og er veldig tilfreds med det!
Ellers så går vi på Colleens og drikk kaffe kvar morgon og, stopper gjerne ein liten tur i Paia før vi kjører ned på Kanaha Beach for å sjekke vinden. Ja, og så har vi hatt ganske mange stopp på Kanaha Kai for å sjå på og kjøpe nye brett.

LIvet på Maui er ganske OK for å si det mildt!

tirsdag 26. april 2011

Her og der rundt der vi bur.

Utsikta frå hytta vår.

Vidar sit å beundrar dei nye bretta sine.....nei, han les visst avisa.

Dodge.

På veg gjennom Paia.

...og så stranda med ivrigaste Idunn.

mandag 25. april 2011

Glede!!

Idunn i beduinhatten roper ut i PUR glede!!!

lørdag 23. april 2011

Sand og vind så langt auga ser.....

Slik ser det altså ut der vi skal vindsurfe. Idunn fokuserer mest på solbriller....

Idunn skulle marsjere i sanda og viste STOR entusiasme. Dette er lovande!

torsdag 21. april 2011

Har landa!

Så var vi her da, på Maui.
Baggasjen er borte, men er lova levert her i dag. Vi får sjå korleis det går....Vi klagar likevel ikkje for det er heilt fantastisk flott her. Utsikta frå soverommet er utover blomar, palmar og Stillehavet.

Nå skal vi ut å ete frukost. Klokka er ca 07.00 lokal tid og det er strålande sol!!!

Aloha!!!

fredag 15. april 2011

Snart klart for avreise!


Dette er nokre av bileta som kjem opp når ein søkjer på Maui på Google. Det ser ikkje så verst ut eller kva? For dei som ikkje har fått det med seg så reiser den vesle familien vår til Maui Hawaii om ikkje mange dagane. Her skal vi vera i 3 månader! Tenkt det, 3 månader med vindsurfing og slaraffenliv. Vi er så priviligerte og heldige som har moglegheit til å gjera dette!  I morgon startar den seriøse pakkinga. Til nå har det vore berre funderingar og listeskriving. Målet er å ha med seg minst mogleg. Vidar seier at han skal ha med seg berre 2 shortsar, ei t-skjorte og sandalar. Eg kjem attende til sanninga når vi har pakka....

Det blir ein lang flytur. Spesielt for Idunn. Flyreisa skal ta 25 timar med 2 mellomlandingar. 06.55 går flyet frå Oslo til Frankfurt og frå Frankfurt skal vi fly heilt til Los Angeles. 4 nye timar på fly ventar oss før vi er framme på Kahului airport på Maui ved 19.00 tida (lokal tid). Her ventar ein leiebil som vi skal kjøre til Haiku der vi har leigd ei hytte den fyrste veka. Haiku er ein liten by som ligg litt opp frå kysten. Eg skal beskrive den nærare når vi kjem dit, men eg har høyrt at den skal vera veldig hyggeleg. Det er i alle fall berre 200 meter til det største yogasenteret på Maui. Kanskje skal kroppen få strekt litt på seg og. Det trengs!

To be continued........

onsdag 13. april 2011

Farmor og farfar på besøk.

Han her var det lenge sidan eg hadde sett......

Sjå der farfar!

Kanskje var det desse blå blomane Idunn peika på?

Blåveis, det er vår!!

Utelunsj på Kanel i Sandvika etter trilletur ute på Kalvøya.

Fyrste gong i huska. Idunn var ekstatisk og det er filma!

Trygt på farmors fang i huska.

Veldig kos med besøk av verdas beste farmor og farfar!

tirsdag 12. april 2011

Og slik går no dagan.....

Brødbakehjelparen min blir berre betre og betre, og meir og meir kravstor.

Rett før leggetid. Roe ned med smokk og litt Fantorangen på tv.

Her under fins det mange skattar!

Så nå har eg lært meg å klatre heilt innunder bordplata.

onsdag 6. april 2011

Opp på kne!

Det ligg mykje spennande under bordet her altså!

lørdag 2. april 2011

Ha på seg kyse.....

Unnskyld, kan eg få den der....?

Yes! Der var den. Nå skal vi sjå her, korleis var dette igjen nå da?

Litt slik kanskje?

Nei, bakover, slik!

Hrmphf!! Ikkje lett dette her!!

Neeeeei! Eg får det til sjølv!!!!

Greit med litt hjelp likevel....

Øyvind, du er helten min!

Tur til Kikut frå Sørkedalen.

Venter spent på lunsj!

Bevis på at vi var der. Bestemor er fotograf!

Mange fine bakkar....heimat.

Vi var på VM altså!

Herrestafetten, GULL!!!!