Vanuatu – Huon Reef – Australia

 

Startdagen for rallyet, Port2Port, mellom Vanuatu og Australia var egentlig opp til oss, men lørdag 20. oktober då vi (og ca20 andre) hadde tenkt å segle frå Vanuatu, var det kraftig vind og store bølgjer.  Så vi drøyde det nokre dagar.  Etter ei god veke i hovedstaden, Port Vila var vi klare til å ta farvel med Vanuatu, landet med alle treskjæringsfigurane og dei hyggelige lokale.  Tirsdag 23.oktober heisa vi segl for Australia og segla ut den store bukta sammen med ein parade av australske militærbåter (tilfeldig), det såg ut som vi vart majestetisk losa ut.

    

 Vi visste at det første døgnet ville det vera rester av urolig sjø etter uværet som hadde herja den siste veka.  Ganske riktig, ute av den store bukta som beskytter hovedstaden møtte vi stor sjø som gjorde oss fort sjøsjuke.  Men styrken på vinden og vindretningen var ikkje noko å klaga på, og Blue Marlin er ein båt som takler sjø og bølgjer utrulig fint.  Vi valgte ei rute litt lenger nord og dermed segla vi ikkje i lag med nokon andre. 

Etter å ha lege rolig merkar vi alle at koppen trenger tilvenningstid på sjøen, så dei to første døgna er alltid dei verste.  Då gjerer vi minst mulig og er for det meste ute i cockpiten.  Hedda og Marita rigger seg til med madrasser på dørken og bruker bordet som skygge for den sterke sola.  Der koser dei seg med å synge, lese, klyppe, strikke, hobbybøker eller bare slappe av.  Kapteinen konsentrerer seg om segl og navigering, medan underholdningsansvarlige tar seg av mat, assisterer kapteinen og passer på at alle har det bra, men dersom det er fisk på kroken så er det førstemann som oppdager det som skal skrike ”fisk.”  Slik går dagane.  Finner vi ein grunn til å feire noko så gjerer vi det.  Og første feiring kom allerede andre dagen då ei mjølketann til Hedda satt fast i eplet.  Meir feiring vart det dagen etter, for då mista Marita samme tann som søstera (snakk om tvillinger som følgjer likt i utvikling).  Skal tru om tannfear finnes ute på havet og om dei veit forresten kva pengevaluta eigaren av tanna vil ha når ein seglar frå land til land?   Vi feira med å bake ei kake, men jentene var enige om at dei ikkje tok sjansen på å og gje tennene til tannfeen før dei var i Australsk farvatn for dei tørde ikkje å risikera å få ”vatu-dollar” som dei brukte i Vanuatu. 

 

 Vi hadde høyrt og lese om eit vakkert rev ca 300nm frå Port Vila, eit rev som vi kunne ankre bak i godt vær som heiter Huon Reef og høyrer til New Caledonia.  Revet kunne vi berre gå til dersom det var lyst og sola stod høgt pga dei mange korallgrunnene vi måtte gå forbi for å segle inntil ”øya.”  Alt stemte perfekt!  Midt på den tredje dagen såg vi revet med at bølgjene braut og sjøen var turkis rundt grunnene.  Det er ganske sprøtt å sjå slike grunner langt ute i havet.  Ein fin tunfisk på 2-3kg kom som bestilt før vi starta innseglingen mot øya.  Øya var berre ein sandbanke uten så mykje som eit tre eller ein busk på, berre litt gras på toppen.

      

 Det tok ikkje mange minuttene før heile mannskapet i Blue Marlin hadde fått gummijollen på vatnet og var klare til ekspedisjon.  Øya var ca tre km lang og ca fem meter på det høgste.  Paradisøya hadde klart turkis vatn rundt, det var hundrevis av fugler i lufta, og på bakken satt store og snart flygeklare unger.  Nokre fugler hadde fortsatt egg dei ruga på.  Dei fantes ikkje redde oss.  Fuglekjennskapen vår er ikkje så sterk, så vi må seie at ein type fuglar var kvite og ein annan svarte (eller at vi trur det var havsuler). 

Skjell-elskere som vi er gjekk vi mest berserk.  Vakre skjell låg der og venta på oss.  Tydelig at ikkje mange seglere reiser innom her.  I sanden såg vi nye spor vi aldri hadde sett før, det måtte berre vere havskilpadder.  Kanskje skulle vi få oppleve egglegging!

   

 Vi hadde det i bakhodet, at dersom vi klarte å komme inn til Huon Reef så ønska vi å vere her ved fullmånenatt, det er då skilpaddene kjem opp for å legge egg.  Og månen var trill rund!

Rett før mørknet så rodde vi inn igjen til land og håpa på å oppleve egglegging, for det burde vera rett tid på året også.  Vi hadde med tepper, varm kakao, pølser til grilling og vin til dei voksne.  Vi satt med berre lyset frå månen og nytte lyden av bølgjene og nærværet av alle våras fuglevenner som satt og skreik rundt oss, eit fantastisk stjerneteppe over oss og 360 grader rundt oss.  Vi kan snakke om magiske øyeblikk i våres liv, og denne stunda var meget spesiell.   

Likevel, seig søvnen på for dei minste.  Nei, dette var forgjeves, ingen tegn til skilpadder, så vi gjekk mot gummijolla då vi plutselig høyrde nokon som gravde i sanden.  Ganske riktig!  Ei kjempestor havskilpadde hadde gravd seg ca ein meter ned.  Sjølv om vi kom bort til henne, fortsatte ho berre å grave med sine fremre og bakre luffer.  Skilpaddene går i transe når dei er i god gang med og grave og blir ikkje forstyrra.   Som eit eventyr låg vi der på magen og kikka på ho i lengre tid.  Då ho hadde dekka til egga, vandra ho utmatta til vannkanten og la seg på svøm.  Underlig at ho ikkje meir skal passe på ungane sine eller ruge på egga som andre dyr gjerer!   Kanskje var ho sjølv fødd her for mange, mange år sidan, kanskje 50 år eller meir!  Ei havskilpadde er ca 40 år når ho er kjønnsmoden.  Denne dama var godt over ein meter lang og nesten ein meter brei.  Då vi hadde sett ho vell av gårde høyrde vi igjen lyden av graving, det kunne ikkje vera sjørøverer som gravde ned ei skattekiste vel!  Det var ei skilpadde til som skulle legge egg.  Dette eventyret opplevde vi tre gonger denne kvelden.  Vi var heilt i ekstase! 

     

 Dette var i alle fall ikkje noko plass vi skulle få sove lenge om morgonen, sjølv om vi hadde vore lenge oppe kvelden før, for litt over 05.00 fekk vi besøk på dekk.  Då samlast alle ”dei svarte” fuglane til morgenmøte.  Dei satte seg på alle mulige og umulig plasser på dekk og skravla i veg før dei reiste ut på havet på ”jobb,” -dei samla fisk til ungane.  Når dei kom heim frå jobb såg vi dei gulpa opp mat og gav til ungane sine som satt tålmodige og venta. 

Vi rodde inn til land og ville rusle rundt øya før vi segla vidare.  Då møtte vi ei skilpadde som kom gåande mot oss.  Det såg ut til at ho hadde kome for seint til tidevatnet, stakkars, for når det gjekk mot lavvatn vart det ei djup grøft mellom stranda og sjøen.  Hedda og Marita fann ein hodeskalle til ei skilpadde, og dei lurte fælt på kva skjebne ho hadde lidd.

      

 Det vart heldigvis ikkje noko mytteri i Blue Marlin då heile mannskapet sa til kapteinen: ”her vil vi ikkje reise i frå,” for han var nemlig heilt enig om at vi måtte berre ha eit døgn til her.   Vi repeterte det vi hadde gjort kvelden før, og det var like trollbunden tid på stranda då skilpaddene kom opp i måneskinnet og tok til å grave.

Etter to eventyrlige døgn letta vi anker for dei resterande ca 600nm som var igjen til innsjekkingshavna, Bundaberg i Australia.

 

 Sjøen var roligare og vinden fortsatt stabil og i god retning for oss, så vi segla med litt under 150nm i døgnet.  Spinnakeren revna ein dag (med eit uhell) så Rune benytta stille sjø til å sy på seglet (atter ein gong).  Vi har hatt stor glede av symaskina (pfaff) vi kjøpte i New Zealand.

Vi snakka med våras venner to gonger på SSB-radioen om dagen, og det er alltid eit høgdepunkt.  Vi var så spente på korleis det var å sjekka inn i det strenge landet,  for vi hadde høyrt kor pirkete myndighetene kunne vera.  Dei som allerede var komen fram fortalte oss bl.a. at vi fekk lov å ta med inn fisk.  OK, då slengte vi ut to snører det siste døgnet og vi fekk fleire fine tunfisker og mahimahier, som vi enten la ned i salt (for bacalao), hermetiserte på glass eller i eddiklake for pålegg.  Kveldene var ekstra vakre på denne seilasen, sola gjekk ned som ei stor raud ildkule i havet.  Kapteinen som hadde investert i gitar i Vanuatu, spelte ”bedårende” til oss ved solnedgang…….. 

    

 Vi nærmar oss Bundaberg i Australia og landfall etter vel fire døgn.  Bundaberg ligger litt nord for Brisbane.  Ikkje på denne turen heller hadde vi sett andre båter eller skip verken natt eller dag.  Spenninga stig blant mannskapet siste ettermiddagen, vi kalkulerer at vi vil ha landfall ca midnatt (30.oktober).   Jentene finner fram grasskjørta frå Vanuatu og har danseoppvisning for oss på dekk i solnedgang.  Etter det er blitt mørkt ser vi endelig dei ledande lysa som skal ta oss opp i den grunne elvemunningen.  Vi kaller havnemyndighetene og melder om vår ankomst, og vi blir henvist til å legge oss for anker i elva på eit karanteneområde.  Jentene sloknar ein halv time før ankring.

Ein slik seiersfølelse som å sleppe ned ankeret, slå av motoren og vite at no er neste mål nådd, er ubeskrivelig deilig!  Vi spretta vinflaska og nytte ein fersk tunfisk i nattestilla

  

 Neste morgon vart vi kalla opp og vi la oss til karantenebrygga klar for inspeksjon.  Litt nervøse var vi om dei ville ta frå oss skjell eller noko anna.  Blide og hyggelige gjekk myndighetene gjennom skuffer og skap, suvenirer og skjell.  Dei fann tre ”African snail-skjell” som eg trudde var nokre spesielle og fine skjell som ikkje stod i skjellbøkene våres.  Altså Vanuatu, stakkars, hadde invasjon av disse grusomme sneglene i kjøkkenhagene sine.   Elles fekk vi behalde det meste.

Vi hadde bestilt plass i marinaen ”Bundaberg Port Marina” og vi kunne etter innsjekkinga hoppe på land og treffe igjen våras venner som allerede hadde kommet. 

Vi nytte luksus som iskrem, kopla til internett i båten, landstraum, vaskemaskin i marinaen, butikk i gåavstand og mykje sosialt i forbindelse med rallyet dei neste dagane.  Vi var fire norske båter som deltok i rallyet og det samme antall svensker, og klart at det vart annonsert av rally-arrangørene (kvar blir det av alle andre verdens nasjoner?).

Marita og Hedda fekk seg fort nye venninner, fekk sykle og gå på rulleskøyter igjen.  Ein dag kom jentene springande heim og var heilt andpustne, ansiktet fortalte oss at dei hadde sett noko spennende.  Dei hadde nemlig sett tre kenguruer som hoppa bortafor marinaen.  Dette betydde ”velkommen til kenguruenes land!”

      

 Etter ni dager i Bundaberg Port Marina motra vi to timer lengre opp elva til sjølve byen Bundaberg.  Vi låg to veker på bøye i ”Midtown Marina.”  No var vi midt i den koselige ”sukker-byen.”  Rundt byen er det store områder der dei dyrkar sukkerrøyr.  Derfor er det då naturlig at det er sukkerindustri og romfabrikk her.  Ein dag var heile ”Blue Marlin-Skulen” på utflukt til Bundaberg Rom-fabrikk.  Vi fekk guiding korleis dei laga rom i frå ”A til Å,”  deretter var det gratis drink til lærarane og brus til elevane.  Ja, eg skulle gjerne likt og sett overskrifta i avisene heime at lærarene drakk alkohol i undervisningstimen….. Interessant var i alle fall ekspedisjonen for liten og stor.  Tapperiet synes Hedda og Marita var det mest interessante med alle robotene og samlebanda.  Samme dag var vi til Bundaberg Gingerbeer Factory (ingefærøl).  Her var det alkoholfritt og jentene prøvesmakte på samtlige ingefærøltyper før det sa stopp….  No er ingefærøl blitt deira favorittdrikk.

  

 Våras venner på ”Magic Carpet” som vi segla med i fjor låg i marinaen.  Det Australske paret tok oss med rundt og introduserte oss til mange nye fugle og dyrearter i dei fine parkene rundt Bundaberg.  Australia har eit heilt unikt dyre og fugleliv.  Mange arter finnes kun på denne enorme ”øya.”  Jentene plukka fort opp kjennskapen til dyr og fugler som vi alle er blitt så betatt av.  Det er så rart å sjå forskjellige slag papegøyer og andre fargerike fugler fly rundt oss, slike som vi kun ser i bur heime.  Også er dyra mindre redde enn heime.  Vi har mata ville fugler frå handa.  Rare ”urtidslignande” iguaner (water dragon) sitter gjerne i strandkanten og kikker på oss.

Mest heile Australia har lidd av tørke dei siste åra, men Bundaberg har ikkje det, så gode frukt og grønnsakmarked vart mykje besøkt av oss.  Og prisene var ”snille.”  Sidan november er begynnelsen av sommeren så hadde dei det vi så lenge hadde lengta etter: jordbær og rabarbra, og det smakte himmelsk!  Vi er kommet ut av telling på kor mange rabarbrapaier som er blitt laga på Blue Marlin.

    

 Etter over tre måneders atskillelse frå katamaranen frå Hong Kong var Hedda og Marita ikkje seine om å spring og ta imot sine venninner, Nancy og Molly, då dei kom seglande opp elva.  Fire lykkelige jenter hadde så mykje å prate om at vi ikkje kunne skille dei verken natt eller dag.   

Kalenderen vår sa at det var ein måned til jul (litt rart når det er jordbærsesong!), dermed hadde vi juleverkstad og julekakebaking sammen med Nancy og Molly.

    

 Utrøstelige var Hedda og Marita då vi måtte ta farvel med Hong Kong-venninnene, og ikkje vite når vi skulle sjå dei igjen.  Løysinga vart til slutt ein telefonsamtale med besteforeldre i Norge.

No hadde vi seks veker på oss til å segle sørover kysten til Sydney, ca 600nm.  Vi hadde som mål å feire jul og nyttår der.  Medan venninnene skulle ligge i Bundaberg gjennom heile orkansesongen. 

Vi segla på innsida av verdens største sandøy, Fraser Island.  Det var til tider utrivelig grunt, men med gode kart og å vite at bunnen er kun sand hjalp det litt på angsten for grunnstøyting. 

Vi ankra innafor Fraser Island ved Kingfisher Resort i to netter.  Det er ei ”billedskjønn” øy å gå turer på.  Vi hadde vårt første møte med dei ville hundane, dingo, her.  Dei kan vere aggressive om du går tett på dei eller har mat som frister dei. Så vi haldt avstand.

Vår neste stopp var Tin Can Bay.  Den store opplevelsen her var å mate delfiner.  Samme rutine i mange år har gjort til at nokre delfiner kjem inn til strandkanten og gaper opp og vi kan legge inn ein fisk.   På bildet ser vi Marita og Hedda stå i sjøen med vatnet opp til knærne, og legge mat i den gapende delfinen.   

    

 Eit nytt fenomen for oss er å krysse over sandgrunner.  Nedover kysten i Australia er det mange grunne sandbanker.  Disse sandbankene må vi over for å komme inn eller gå ut i åpent hav.  Sandbankene kan flytte på seg, så vi må ha oppdaterte kart, vite tidevatnet frå plass til plass, kontakte nærliggende kyststasjon (VMR) for opplysninger om vær og bølgjeforhold før og etter ein bar-kryssing.  Du kan risikere å komme enten til feil tid ang. tidevatn eller vær.  I alle fall ligger den verste sandgrunna å krysse sør for Fraser Iland, Wide Bay Bar, og her skulle vi debutere! 

Då vi såg sola komme opp i horisonten kontakta vi VMR og fekk klarsignal at forholda var OK.  Vi drog så opp ankeret og motorsegla ut mot sandgrunna og det åpne hav.  Vi alle var spente, og skalka alle luker og dører.  Alle hadde godt med sikkerhetsutstyr på seg, ungane vart kommandert inn då vi såg vi nærma oss dei store brytningane.  Til tider er grunnene så ille å køyre over at båtar kan bli knekt, gå rundt eller få dei brytande bølgjene oppi båten.  Vi kjora oss fast med line og var klare.  ”Gode Blue Marlin, no må du vise oss kva du er god til, køyr på alt du kan.” Bølgjene braut ikkje langt unna, men på land bak oss stod det to ”over-ett-merker” som skulle fortelje oss kursen over grunna…… 

Etter ein liten halvtime i motstraum og bølgjer kunne vi pusta letta ut, vi var på utsida av sandbaren og brytingane.   Vi hadde gjort alt etter oppskrifta og bestod vår første prøve med glans.

 

Seint samme kveld segla vi inn til den populære feriebyen, Mooloolaba.  Vi ankra inn i mellom bolighusa.  Store deler av byen er bygd opp, slik at sjøen går som kanaler mellom husa.   Når det blir så turistprega fann vi ikkje sjarmen her.  For no var vi på leit etter ein plass jentene kunne gå på skule eit semester. 

Det kjekke med Mooloolaba var at jentene våre hadde ei venninne her som dei hadde blitt kjent med i Bundaberg.  Så Georgia og Hedda og Marita fekk leika masse sammen igjen.

Ein dag var Georgia med oss til den store dyreparken, Australia Zoo, som den kjente og avdøde ”krokodillemannen” og ”dyreelskaren”  Steve Irwin eigde.  Det er desidert den fineste tilrettelagte dyreparken vi nokon gong har sett.  Dei la vekt på Australske ville dyr.  Her mata vi kenguruer, wallaby, elefanter og klemte på koalaer.  Vi kom heilt ut av tellingen på kor mange dammer dei hadde med krokodiller.  Den største Australske krokodillen (ca 8m lang) som er funnet, hadde dei laga ein modell av, den var skremmande stor.  (Krokodiller finnes kun lengre nord i Australia.)  Då dei ansatte mata dei farlige og store krokodillene var vi glade vi satt trygt bak eit gjerde, elles hadde dei skilpadder, kameler, wombat, possum, echidna, dingo, tasmanien devil, platypus og utrulig mange forskjellige fugler som cassowary, emu, kingfisher, flamingo, galah, papegøyer, cockatoo og mange typer slanger.  Etter denne dagen så har Hedda og Marita eit stort ønske om ikkje deira pappa også kan bli som Steve Irwin…….. 

              

 Vidare sørover på vår seilas stoppa vi ei natt i le bak Moreton Island, ved Tangalooma eller Tangalooma Wreck.  Her hadde dei laga ein ”molo” som beskyttelse for svell med å senke ned gamle båter.  Det var fint for oss å snorkle på vraka og fine husvære for mange fisker.  Delfiner likte også denne stille bukta, og dei hadde kveldsforestilling for oss rundt båten.  Vi har aldri sett så mange og ofte delfiner som langs kysten her.  Vi blir aldri lei av å sjå på disse intelligente og akrobatiske dyra. 

  

 Rett inn frå Moreton Island ligger storbyen Brisbane, ca ti nm opp ei trafikkert elv.  Det var fasinerende å segle opp elva, under bruer, mellom høge skyskraperer, hotell og parker.  Rett utafor den botaniske hagen var ankringsplasser for gjester.  Brisbane hadde fine bygninger og eit konsentrert sentrum.  Musea var også stort sett samla på ein plass i byen.  På Science Musem brukte vi ein heil dag og kunne gjerne brukt nokre dager til.  Det var ein lærerik og interessant skuledag for oss alle.

    

 Vårt neste mål var Gold Coast eller Surfers Paradise, men om vi klarte å nå så langt på ein dag frå Brisbane var tvilsomt.  Vi valgte å segle ”innaskjærs” eller rettare sagt” innasands,” for sandbanker var overalt, så med tunga rett i munnen og vite kvar du var på kartet til ein kvar tid var viktig.  Det var meir enn ein gong vi såg på dybdemåleren at den kraup ned mot null.  Då forberedte vi jentene på at dei måtte halde seg fast.  Fleire gonger seig vi då i rolig fart på ei grunne og måtte rygge oss av.  Vi måtte ankra innafor North Strandbroke Island då det vart for mørkt til å sjå noko. 

Vi starta neste morgon før det var blitt lyst, kl 04.30 for å nå fram til ei grunne litt lenger sør på høgvatn.  Med god tidsplanlegging segla vi over grunna ved Jacobs Well akkurat på rette tidspunkt, likevel var det berre 20 cm klaring under kjølen. 

På formiddagen kunne vi ankre utafor Gold Coast.  Her hadde vi venner som vi hadde truffet i Stillehavet året før, dei hadde tre store skulejenter.  Vi vart straks henta heim til dei på grillfest.  Det var blitt no 5. desember og dei hadde allerede pynta eit stort juletre i stova til ære for oss.

Neste dag køyrte dei oss rundt til butikker slik at vi kunne få handle stort og få skyss heilt til gummijolla.  Dei visste kva ein seglars behov var etter fem års jordomsegling. 

 

Vi hadde fortsatt nokre hundre mil til Sydney og måtte benytte gode vinder.  Etter Gold Coast segla vi med storhavet rett inn frå aust, så litt meir urolig sjø enn hittil, men fin vind tok oss til Ballina.  Uten dramatikk surfa vi fint over sandbaren inn til Ballina.   Her møtte vi igjen våras svenske venner på ”Nabob” og på ”Christina.”  Vi var ikkje i land her, men alle skandinavene møttes til deilig middag hos Christina.  Etter ei god natts søvn starta den skandinaviske konvoien på ein dagseilas mot Yamba.   Her var også sandbar å krysse før vi kom innafor ein lang molo som var bygd opp utover i sjøen.  Blue Marlin surfa på nokre store bølgjer og vi var trygt innafor og sjøen vart rolig igjen.  I elvemunningen til Clarance River ligger to små plasser, ein på kvar side, Illuka og Yamba.  Vi ankra ved Yamba.  Denne vesle og sjarmerende plassen stemte med mange ting for at vi ville slå oss ned for skulesemesteret som skulle starte i slutten av januar.  Vi besøkte skulen og spurde om muligheter for plass for to snille norske jenter, og det var ingen problem.  Marineplass var verre med, her måtte vi stå på venteliste.  Så vi fekk berre håpe!

Gribbfilene (vær og vinder) fortalte oss at vi måtte ligge stille ei lita veke.  Det var heilt ok!   Den 10.desember var det bursdag i Blue Marlin.  Våras to svenske følgebåter kom i bursdagsselskap og hjelpte til å feire mor-Idunns dag. 

Tidlig om morgenen den 13.desember før vi hadde stått opp, høyrte vi vakker song utafor båten.  Då kom dei to svenske para i sjølvlaga lucia-kostymer.  Christina hadde baka lusekatter mest heile natta.  Vi hadde ein lang og koselig lucia-frukost i Blue Marlin. 

 

 Været kom endelig i vår favør og vi hasta vidare før neste værskifte.  Alle tre båtane tok nattseilas og kom til Laurieton før vinden tok seg opp.  Her var det også sandbar å krysse for å komme opp elva Camden Haven.   Laurieton var også ein plass vi kunne godt tenke oss å vere for skulesemesteret.  Vi vart så godt mottatt av lokale som gjerne ville hjelpe oss.  Maken til så mange varme og snille folk i Australia hadde vi aldri drømt om.  Her fekk vi ligge gratis til brygge, og dermed vart syklane dratt fram og jentene kosa seg med å sykle rundt.  Så mange og store australske pelikaner tett på oss hadde vi ikkje opplevd før.  Dei er så grasiøse når dei svømmer, men er klønete når dei skal lette og når dei lander surfar dei først fleire meter på sine store føtter. 

  

 Dagene gjekk, og vi begynte å bli redde for å ikkje nå fram til Sydney til jul om ikkje været vart bedre.  I eit værvindauge 20. desember reiste vi frå Laurieton og tok endå eit langt jafs og segla heile natta.  Dermed kunne vi segle inn den flotte naturlige ”porten” til Sydney Harbour tre dager før jul.  Etter fleire mil innover havna og rundt eit nes, opna det seg ei ny stor bukt, og der….. midt i mot oss såg vi dei lett gjenkjennelige byggverka ”Sydney Opera House” og ”Sydney Harbour Bridge.” Dette var også eit magisk øyeblikk i våres liv, med fulle segl, kunne vi segla tett opp under det fantastiske bygget og deretter under den enorme brua.  Vi tok ned segla og køyrte under to bruer til før vi kom til ein gjesteplass for internasjonale båter, Black Wattle Bay.  Ankringsplassen var super, kort veg til sentrum i Sydney, gåavstand til mange severdigheter, tett ved park med gassgrill og turmuligheter og gratis jollebrygge ved det store fiskemarkedet. 

      

 Vi hadde knapt fått ankeret fast før telefonen ringte.  Våres venner vi hadde møtt igjen i Bundaberg frå katamaranen Magic Carpet var ”huspassere” i Sydney og ville komme på besøk til oss.  Det var denne adressa besteforeldre i Norge hadde brukt for sending av julepresanger, så no var vi i alle fall sikre på at det vart litt julepresanger i år også. 

Dei tipsa oss at dagen etter var det julegraut på den Norske Sjømannskirka i Sydney

Og det måtte vi jo berre få med oss!  Så vi tok ferja neste dag over til Manly.  I ein stor og koselig villa var sjømannskyrkja.  Her vart vi varmt mottatt av eit prestepar frå Skudesnes og sekretæren, Marianne frå Stord.  Det var tydelig mange med norsk tilknytning som ville ha juletrefesten med seg, og vi var nok godt over 50 stykker.  Her var det risengynsgraut med mandel, pepperkaker og sølvfølgelig deilige vafler.  Vi song julesonger, gjekk rundt juletreet, møtte julenissen og fekk prata med mange koselige nordmenn. 

Rett frå juletrefest bar det til den store parken i Royal Botanic Garden på julekonsert.  Den årlige konserten samla over 10.000 mennesker sikkert frå 0-100 år.  Eit fantastisk sceneshow med over 20 kjente australske artister og med eit flott publikum gjorde alle timene konserten varte til ei atter uforgløymelig stund.  Publikum satt på bakken, alle hadde matkorger med seg, stearinlys og godt humør.  Vi hadde stifta eit hyggelig bekjentskap i sjømannskyrkja med norske Camilla og hennar to barn (som var fastbuande her), og hennar foreldre som var på besøk frå Norge, og vi alle nytte stemningen i fulle drag.

    

 Det første museumet vi besøkte i Sydney var eit aboriginer kultursenter.  Aboriginer er dei opprinnelige Australienerene som har levd i landet i over 45.00 år og har dyrka sin sterke kultur og levd med sine tradisjoner.  Tragisk var det for dette folkeslaget då Kaptein Cook kom her ca 1770 og Storbritannia proklamerte at landet skulle bli engelsk og deretter starta europearane innvandring.  Aboriginarane vart sterkt oversett og ”skvist ut” frå sine områder, og det var heller ikkje rom for deira kultur.  Vi fekk med oss ein fin konsert der ein aboriginer-ungdom spela på digerido, eit uthola bambusrøyr.  Eit anna synonymt symbol med aboriginarane er våpenet, bumerang, som selvfølgelig ligger no i Hedda og Marita sin suvenirkasse. 

      

 Julekvelden vart feira med deilig sildebord hjå Christina og Janne. Deretter riskrem og kransekake i Blue Marlin.  Vi hadde investert i eit juletre dagen før, det stod på dekk og lyste så vakkert.  Dermed vart det julesanger og gang rundt juletreet på dekk i havna i Sydney.  Janne var julenisse og kom roande med to rosa surfebrett i jolla si.  Norske båten ”Helen Kate” som vi første gong (og sist gong) såg i Spania låg også i havna, så Gunnar og Ingvild var også med og feira høgtida med oss. 

    

 Sydney – Hobart Raec, (2.juledag) var eit skue, det kunne sjå ut som om at alle gjekk ”mann av huset” for å sjå starten.  Båter frå heile verden kom for å delta på denne ca 600nm lange regattaen frå Sydney til Hobart på Tasmania.  Sidan Sydney Harbour er så lang og fin med klipper utover fjorden kunne tusenvis av mennesker sitte på fjellknausene på begge sider.  Våres venner på katamaranen frå Hong Kong hadde køyrt bil ned frå Bundaberg til Sydney og vi alle reiste ut med ferje til det ytterste fyret.  Eg trur ikkje at Marita og Hedda opplevde noko av spenningen med dei svære seglbåtene som kappsegla ut fjorden, for no hadde dei gledelig gjenforening med venninnene Nancy og Molly. 

     

 Den store begivenheten i Sydney nærma seg, NYTTÅRSAFTA.  Vi hadde fått gode anbefalinger om kvar vi skulle ankre og når vi måtte ankomme ankringsplassen. 

Rakettene blir skotne opp frå seks ulike plasser i Sydney synkronisert.  Hovedattraksjonen er selvfølgelig Harbour Bridge som vi pleier å sjå på TV heime kvart år. 

Dermed plasserte vi oss dagen før dagen på motsatt side av fjorden med panoramautsikt mot brua og Operahuset, Athol Bay, rett utafor ei deilig sandstrand.   Det var herlig å få bade igjen, og endå kjekkare vart det då Nancy og Molly-familien kom for å feire nyttår med oss og bu i Blue Marlin,  i tillegg hadde paret frå Magic Carpet booka plass hos oss også.  Dei to svenske båtvennene låg også i nærheten.  Nyttårsafta starta med punch på stranda og deretter grilling.  Det var ein varm og stille kveld og vi alle var superspente på kva vi skulle oppleve av fyrverkeri.  Den første oppskytinga starta kl. 21.00, den familievennlige.  Frå stranda fekk vi med oss heile fem av dei seks oppskytingsplassene.  Vi var heilt trollbundne!  Vakre og fargerike raketter spruta opp som ein magisk eventyrfilm. 

Midnattsoppskytinga såg vi frå båten, den var endå meir kraftfull enn første. 

”Kunne berre denne ”filmen” vart litt lengre,” kommenterte fire oppspilte\overtrøtte jenter frå hengekøya på dekk.

Medan Rune og Idunn tenkte at no kan vi krysse av endå eit mål som var oppfylt på ”lista av ønskedrømmer!”

      

    

 Ein dag fekk vi eit koselig besøk av Marianne (frå Fitjar) og Anders som jobber i Sjømannskyrkja i Sydney.  Hedda og Marita hadde så mykje å fortelje frå jordomseglinga at dei fekk mest ikkje gå.  det resulterte i ein reportasje i siste utgåve av kyrkjebladet i Sydney.

  

 Eit ”must” når ein er i Sydney er eit besøk til Operahuset.  Siste kvelden i byen dressa vi oss opp og gjekk på ”Le Grand Cirque” som er eit akrobatshow.  Verdens beste akrobater hadde eit sceneshow som viste at det umulige er mulig å gjere med ein menneskekropp.  Vi måtte ta oss sammen gong på gong då underkjeven datt ned.  Det var så spennende og vakkert!  Kunsten var i form av kroppsbeherskelse, mjukhet, spenst, styrke, balanse, raskhet… i det heile noko som ein gammal stiv sjømann aldri kan drømme om å få til.  Dvs. jentene starta å trene i nokre dagar etter forestillingen, men eg trur dei har gitt opp no…..

    

 Vi tok farvel med Sydney-kjernen og ankra ei natt der vi hadde lege med nyttår.  Vi hadde eit ønske til: besøke dyreparken ”Taronga Zoo” som låg i kort avstand frå ankringsplassen.  Her kosa vi oss frå morgon til kveld.  Vi såg dyr frå heile verden, store og små, sjeldne og vanlige.  Høgdepunkta var sjimpansen som hadde ein nyfødd baby, kenguruen som hadde baby i pungen sin, elles er dyreparken kjent for sitt flotte fugleshow.  Under fugleshowet kunne vi nyte ein fabelaktig utsikt!

        

 Vi hadde endelig fått plass i marinaen i Yamba og dermed var det klart kvar vi skulle slå oss ned for skulesemesteret.  Det var på tide å segle nordover for å røkke skulen.

Ved soloppgang segla vi ut av Sydney Harbour og ankom Pittwater ca seks timer seinere.  Ein lang fjord med mange idylliske armer.  Dette kunne minne om Oslofjorden ein fin dag i fellesferien, det var hundrevis av kvite segl.  Vi fann ein fin ankringsplass.  Ikkje lenge etter banka det i skutesida.  Det var to norske studenter som ropte på Rune, og dei hadde med seg ein norsk marsipangris til oss.  Dette tilfeldige treffet hadde seg slik at deira far var på besøk frå Norge og hadde tatt med seg bladet ”Seilas” til sine to seilerinteresserte sønner.  Dei satt i båten sin og kosa seg med Seilas og las om norske Blue Marlin som var i Australia.  Då dei såg opp frå bladet hadde vi ankra ved sidan av dei.  Vi vart straks invitert heim til studentene Rune, Sigurd og kjæresten Tonje på ein gourmet-middag inkludert sight seeing. 

    

 Port Stephens vart vår neste gøymeplass for værskifte.  Vi opplever klare og voldsomme skiter i værsystemer i Australia, dei er fasinerende å observere når vi ligger trygt ankra i le for vind og svell.  Port Stephens var også ein lang og fin fjordarm med mange ankringsmuligheter.  Vi kontakta norske Camilla som vi hadde møtt i forbindelse med juletrefesten på sjømannskirka, ho budde i nærheten og henta oss heim til deira fine hus.  Vi hadde ein koselig dag med Camilla og hennar to døtre.  Ho tok oss med rundt i det kjente vindruedistriktet, Hunter Valley.  Selvfølgelig stod vinsmaking på lista og pik nick i flott park tilhøyrande vineria.  Vi vart liggjande ei veke i Port Stephens før vind og sjø roa seg.  Ettter ein lang dags segling var vi enige om at vi ville sove trygt i ei havn og vi segla inn til Crowdy Head.  Dette var berre ein hestesko-molo som dei hadde bygd for sine fiskebåter og då avsatt plass til besøkende.  Det vittige var at for å koma inn til denne ”øde” plassen måtte vi runde eit skvalpeskjær utafor neset, og heldigvis såg vi brytningene godt så det var ingen fare med oss, men skjæret heiter Førde Rock med ”Ø,” så vi antar at det må ha vore ein uheldig historie til skjæret, muligens av ein nordmann.  Skipsforlis langs kysten er ikkje uvanlig.  Soving vart det lite av då dønninger kom inn og vi vart liggjande og ”gneke” inntil brygga heile natta.  Vi forlot Crowdy Head så snart det starta å bli lyst neste morgon.  Vi hadde ca 150nm igjen til Yamba og vi hadde eit godt værvindu til å segle nordover, så vi segla på heile natta igjennom og dermed kunne vi ankomme Yamba neste morgon.

    

 Å rope opp Yamba Marina og fortelle at Blue Marlin har ti minutter til ankomst var eit tårevått øyeblikk.  Endelig skulle Blue Marlin og heile besetningen få kvile i tre måneder.

For ein luksus!  Vi kopla oss til landstrøm, fyllte vanntankane, kopla til internett i båten (og skypa heim til besteforeldre), fekk kort veg til vaskemaskin, dusj, supermarked, restauranter, i det heile eit sivilisert liv!

Vi er plassert med ein herlig utsikt frå cockpiten mot dei ca 30 reketrålerene som ligger fargerike og fint opplina på andre sida frå oss(her er verdens beste reker!)  Vi ser på dei store australske pelikanene, delfiner som kjem inn og og jakter på småfisk i marinaen, papegøyer og galah som sirklar i lufta over mastene på båtane.    Jentene trives kjempegodt på skulen.  Skulen har ca 300 elevar.  Skulen har mange aboriginer som Hedda og Marita synes er kjempestas.  Språket er ingen problem lenger, seier dei.  Dei har fått seg gode venner.  Svømmekarneval vart arrangert på skulen og Marita deltok.  Ettermiddagsaktiviteter er karate, passe naboens hund og elles flittig besøke ein hobbyverkstad. 

Kenguruer er blitt eit daglig syn.  Dei søte dyra kan stå og gresse på fotballbanen på skulen når vi kjem om morgonen.

Her er fem kjempefine badestrender i kort gåavstand, fine turmuligheter både til fots og med sykkel.  Med andre ord så storkoser vi oss i Yamba!

      

 Vi hadde lege til kai i nokre timar før ein nabo i marinaen kom over på kaffi og han lurte på om vi ville låne huset hans til ein forandring frå båtlivet då han høyrte at vi hadde segla heilt frå Norge.  Ikkje verst når vi aldri hadde snakka med mannen før.  Dette forteller litt om dei vennlige australienerene.  Det er første gong vi er aleine langtursegler.  Det aktive sosiale seglermiljøet vi er vane med, er no bytta ut med eit rolig liv der jentene går på skule, medan mor og far jobber med reparering, vedlikehold og oppgradering av båten (men også vedlikehold av kropp!).  Det er heilt utrulig kor mange timars jobbing det går an å bruke på så få kvadratmeter (gjelder både båt og kropp, altså!).  Men vi må legge til at vi er svært fornøgd med vårt valg av båt, Dehler 41 ds.  Vi har hatt lite problemer med båten og synes at størrelsen, praktiske løysinger, segleregenskaper, … i det heile, er supre.  Vi har kjøpt oss to nye segl, ein genaker og eit storsegl.  Så det skal bli kjekt å få prøve dei ut! Men no skal vi ligge i ro i Yamba til ca 1. mai før vi må starte nordover mot Darwin (ca 2000nm).  Vi er påmeldt på rallyet som går frå Darwin i slutten av juli og over til Indonesia.  Deretter er det ingen lange planlagte pauser før vi er gjennom Suezkanalen og heilt heime. 

  

 Vi ønsker alle våre ”hjemmeside-lesere” ein riktig fin vår! 

Skriv oss gjerne om dåke har spørsmal eller vil sei ”hei” på oss.