Bondalselva er rangsjert som nummer 15 blant lakseelvene i Noreg, og har mykje å by på i sesongen som varer frå 15. juni til 31. August

I Bondalselva er dei nedste sonene avgrensa til flugefiske desse sonene er Flugesone 1 som strekk seg 250 meter frå sjøen og opp til Flugesone 2, som går vidare 900 meter oppover. I resten av elva kan ein fiske både med fluge, mark eller sluk

Noko som er viktig å hugse på når ein skal fiske i elva er at det er innført dessinfisering av fiskeutstyr, dette er eit tiltak for å stoppe lakseparasitten Gyrodaktilus salaris, dette får du gjort på campingen.

Vi er behjelpelege med gode råd og informasjon om fisket i bondalselva. ta kontakt på telefon, E-post eller i Resepsjonen.