Blank spot

Hopp til menyen


Bergen—Newcastle

Lørdag 21. Juni, 2003

Vi var godt førebudd til den første dagen av ferien: Vi hadde pakka ferdig og leilegheita var rydda, så alt vi trengde å gjere denne morgonen var å nappe leidningar ut av stikkontaktene, hive på oss sekkane og dra av gårde. Vi drog til byen tidleg for å hente billettane til flyet heim frå Roma. Både Ellen og eg hadde nye ryggsekkar, så vi var begge spente på sekkane ville sitje godt. På veg ned til busshaldeplassen gjekk vi og kjende ekstra godt etter.

Vi labba først til Kilroy, der flybillettane skulle hentast. Den siste veka hadde reisebyrået vore plaga med datatrøbbel, noko som gjorde at vi ikkje hadde fått henta dei tidlegare. Men jammen hadde dei framleis problem. Vi fekk vite av dama bak skranken at dei skulle skrive ut billettane i løpet av kort tid og at ho skulle ta kontakt pr. telefon når billettane kunne hentast. Greitt nok, tenkte vi. Klokka var halv elleve og vi trengde ikkje sjekke inn hos Fjordline før halv fire. Deretter drog vi ned til Vågen Fetevare for å ete frukost.

Etter ein blings og litt kaffi, vart vi møtt av Maren og Øyvind, som hadde teke på seg ansvaret for plantene våre medan vi skulle vere borte. Så vart vi sitjande der i eit par timar og prate. Tida gjekk og vi forflytta oss mot Kilroy att, men med ein liten stopp på Torgalmenningen. Der feira dei nemleg «Kollektivtrafikkens dag» og vokalgruppa Nardus stod på scena.

Klokka vart to og vi sat i lokala til reisebyrået att, der dei framleis hadde vanskar med å skrive ut billettar. Dama bak skranken såg litt meir stressa ut no. Vi venta og venta, fleire kundar kom, fekk beskjed om problema Kilroy hadde og gjekk att, med uforretta sak. Men så endeleg, ti over tre, var billettane skrivne ut og vi fekk til og med 100 kroner kvar attende for bryet. Her har de til eit par ekstra øl på båten, sa reisebyrådama, som tydeleg var like letta som oss. Men no var det berre 15 minutt att til innsjekking og vi var langt unna Skoltegrunnskaia, der båten «MS Jupiter» låg.

Med sekkane våre småsprang vi gjennom sentrum mot Bryggen, men etter kvart skjønte vi at det måtte motorisert køyrety til for å rekke båten. Så vi nytta eine hundrelappen til ein taxi frå Fisketorget og ut til båten. Ein litt tjukkfallen og skjeggete taxi-sjåfør kunne fortelje at han hadde teke båten til Newcastle fleire gonger og sa det var ein fin tur. Vel framme fortalde sjåføren oss om at vi måtte trekke kølapp før innsjekking. Sveitte og med høg puls, kunne vi endeleg stille oss i kø. Men for eit reisefølgje! Fleire hundre små korpsmusikantar, væpna med brus og sukkerty til oppunder øyrene.

Eg og Ellen har vore på båttur ein gong før. Den gongen var det eit minicruise til København frå Oslo. Mamma hadde vunne turen på eit lodd, men hadde ikkje anledning til å reise sjølv. Den gongen var båten fylt til randen av pensjonistar — og oss. Til og med Knut Bjørnsen og Kristin Johnsen var der, med eit TV shop-show, der ein kunne kjøpe kjeler og bordgrillar. Men no var det altså hyperaktive småungar vi skulle reise med.

Etter avgong frå Bergen, åt vi middag på ein sparsam buffet-restaurant før vi lét oss underhalde av eit kaputt rallyspel og eit aust-europeisk danseorkester. Dessutan handla vi litt drikke i taxfree-butikken som vi koste oss med i liggestolane våre.

Ein ting til: Liggestolar på båt er det berre å halde seg unna. Vi skal sove på golvet, med sovepose og liggjeunderlag.

Interrail 2003

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald