BrimiSkogen klatrepark

Oppturar | Overnatting

UTFORSK

+47 95556677 | Fjellområde ved vannet Tesse | Open frå 24. juni til 11. august

Utfordringar for alle!

Oppe i og mellom furutrea i BrimiSkogen Klatrepark blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Her får du oppleva kor sterk du verkeleg er. Styrkande, for både sinn og skinn, som det seg heiter.

Klatreparken har fem løyper som alle heng oppe mellom trea. Løypene har ulike vanskegradar og er i ulike høgder over bakken. Vi har bygd opp parken slik at vi har utfordringar for alle. Undervegs kan du alltid få hjelp til å koma deg ned på bakken att, når ein vil. Vi seier som i fjellet – her er det heller ingen skam å snu.

BrimiSkogen Klatrepark ligg idyllisk til i ein gamal og godt vaksen fjellfuruskog, omlag ein kilometer frå Brimi Fjellstugu.

Aktivitetane i Klatreparken passar for alle, både for store og små!

Sikkerheit i høgsetet

Ein dag i BrimiSkogen utfordrar både store og små, utan at det går på bekostning av sikkerheita. Latter og lett kiling i magen må du likevel rekne med...

Vi har bygd opp 60 plattformstasjoner i eksisterande tre i området i høgder frå 1 til 10 meter. Mellom dei enkelte trea går du på bruer, taug og treverk, og du er alltid sikra med karabinkrokar i ein wire. Du kan alltid vera trygg på at mannskapet i Klatreparken er der så du kan koma ned att når du vil.

Opningstider

SOMMAREN 2024

BrimiSkogen klatrepark er open frå 24. juni til 11. august. Oppstart frå kl 11:00 – 15:00. Aktiviteten må avsluttast innan kl 17:00.

LAURDAGAR (før- og etter sommaropning)
BrimiSkogen har ope mange laurdager framover.

Flott utsikt frå trekronene i BrimiSkogen

Du treng ikkje gå på dei høge fjelltoppane i Jotunheimen for å få god utsikt. Frå tretoppane i klatreparken vår får du eit vidstrakt utsyn over Tessevatnet og høgfjella i Jotunheimen og Reinheimen.
Og suget i magen er enno sterkare.

Overnatting i tømmerkoie

Har du nokon gong overnatta i ei gamaldags, tømra skogskoie? Stemninga er ei heilt eiga. I BrimiSkogen har vi tre tømmerkoier med 6 sengeplassar i kvar for utleige.

Her kan du oppleva det autentiske hyttelivet med spraking i Jøtulovnen, ta eit slag yatzy og kjenne på roa i skogen på kveldstid. Du kan nyte stillheita på verandaen før du ruslar bort på Brimi Fjellstugu eller Brimi Sæter for ein betre middag. God og mett ruslar du attende for å legge deg i soveposen eller i nystrokje lintøy.

Idyllen blir fullkomen når du vaknar til fuglekvitter før du kan starte dagen med morgonkaffe kokt på vedomnen – kan hende med ein liten visitt i det nyreiste fuglekikkartårnet nede ved utosen av Tesse? Dusj og toalett berre eit steinkast unna.

"Morgonkaffe smakar alltid best i fjelluft"

Lene Brimi

Slik brukar vi opplysningane dine på Brimiland.no

For å gje deg den beste Brimiland opplevinga tek vi vare på opplysningar om namn og epost-adresse. Opplysningane brukar vi til å gje deg gode tilbod og oppdatert informasjon om Brimiland. Du vil berre bli kontakta direkte frå Brimiland (eller ein av medlemmane våre: Vianvang, Brimi Fjellstue, Brimi sæter, Brimi bue og Brimiskogen klatrepark), aldri frå samarbeidspartnere og vi vil aldri gje informasjonen din vidare.

Eg gjev herved samtykke til at Brimiland kan kontakte meg på epost.

×