søndag 24. oktober 2010

Seilas til inntektet for TV-aksjonen!

Olav tar ein siste sjekk før start, Paul og Torodd er klar!


Jan og Tørres med stor giverglede!
På veg heim igjen i flott haustver med bøyane på dekk!

Då var ein ny flott dag på sjøen over, veldig kjekt at me på årets absolutt siste seilas fekk 6 båtar med på å seile 3 rundar på Vikafle på utlaget bøyer. Som nevnt gjekk kontigenten på kr. 200 til TV-Aksjonen og Flyktningehjelpen...

FRI vart nr. 5, ikkje lett å seile gennaker med to ombord når spetakkelet skal opp og ned i ett sett, me klarte å koke ein adles nydelig spagetti på fordekket og kom til slutt fram til at me seilte fortare utan og la gennakeren ned i forpiggne, men då var løpet kjørt. Uansett, her måtte ein berre satse og det var knall å ha deg med Paul, håpar på nye mulighetar:)

Bøyebåt...

FRI e bøyebåt og deltakar i dagens baneseilas på Vikafle, til inntekt for Flyktningehjelpen i årets TV-aksjon. Nydelig ver, speilblank is øve heile båten...

Sendt fra min HTC

mandag 18. oktober 2010

Klasen 2010!






Søndagmorgon var det på høg tid å ta båten til Eldøyane og gjere slutt på fantelivet for denne gong, men det fristar til gjentaking. Eg trur eg kunne trivdes som båtbuar...

Årets "Klasen" med avslutning på gml "Sjøhuset" vart ein glimrande avslutning på sesongen. Regattaen gjekk av stabelen i flott haustvèr med heile 11 båtar til start. FRI stilte med innleigd mannskap, Jon Gunnar frå Hardanger, i tillegg til faderen. Kjekt å ha med nye folk som har nye idear og kunnskap. Me på FRI syns den nye løypa var spanande, med mange taktiske utfordringar samtidig som det alltid vil bli mange forskjellige vinklar med denne løypa.

Etter ein svært god start til oss å vere låg me flott til rett før Terneskjær med berre raskare båtar før, Average, NoLimit, Storm og Silje, men som alle desse segla me oss inn i vindstilla og kunne berre sitte å sjå på dei bak som kom fossande nedover, på anna kurs. Dei runda Terneskjær og fossa tilbake mot Titelsnes, medan me måtte innsjå at 0.0 på loggen er dårlig nytt og forferdelig frustrerande. Me fekk heldigvis vind nok til å kjempe oss rundt Terneskjær, det var i siste liten, Cloelia rett bak, kom ikkje rundt før det stilna av igjen. Opp med gennakeren og gode 8-8,5 knop heile vegen ned mot Titelsnes. Spenninga var stor før runding, dei fremste forsvann ut av synet då dei runda Titelsnes, kor langt var dei kommen??? Me vart ikkje veldig skuffa over at det rett rundt neset var eit nytt felt med svært lite vind som hadde samla feltet igjen... FRI var med igjen... Med svært stram gennaker kom me oss rundt Klasen og ned til Eldøyane før det igjen stilna heilt og alle unntatt Average Joe samla seg der. FRI runda til slutt som 4. båt ved Sponaviklykta, men bomma litt på Vikafle og kom rett bak Odysse og Silje i mål! 3. plassen i klassen og fyrste premie i år var svært hyggelig:) (Joda, det hadde blitt 4. plass med gamalt LYS-tall Roy:))

onsdag 13. oktober 2010

LYS-Komitteen sett ned LYS-tallet med 0.02 for Hanse 350!

Etter snart 3 sesongar og utallige oppgraderingar av FRI utan særleg hell på regattabanen var det for ei tid sidan dags for å kontakte LYS-komitteen med spørsmål om dei kunne regne over LYS-tallet ein gong til for Hanse 350. Mange har stilt seg spørsmål ved LYS-tallet til denne båten og etter nøye gjennomgang av alt som finnes på internett om Hanse 350 er det altså ingen i Norge som har lykkast å komme over midten på resultatlistene med denne båten til no! Det er altså ikkje berre Bjordal som ikkje får dette til...:) Båtens moderne utsjåande kan nok sjå racy ut for mange, men faktum er at båten er ein turbåt, solid bygd og svært tung, heile 6,4 tonn og den absolutt tyngste i 35 fots klasssen.

Ser ein mot andre båtar er det også åpenbart at båten er høgt lysa. Til dømes, hadde båten likt LYS som SunFast 37, ein 2 fot større performance/cruising båt med avansert dekksutstyr ifht ein Hanse. SF37 har videre blant anna 27 cm djupare kjøl, meir kjølvekt og fortsatt er den nokre hundre kilo lettare. Ser ein på Sun Fast 35 som er meir rett å samanlikne med er denne båten 1 tonn lettare, har djupare kjøl, lik kjølvekt, relativt likt seilareal mv. Til overmål har denne båten med 1,22 som standard LYS ikkje hevda seg spesielt godt på regattabanen.

Det er derfor svært gledelig at komitten no har satt ned standardlys på båten til 1,22 (tidl. 1,24). FRI får dermed 1,20 (tidl 1,22) pga gennaker og genoa 3!

Haustferie og onsdagsseilas!





Som gressenkemann fram til søndag utan større prosjekt i huset kan ein ikkje la høve gå frå seg til å bruke båten. Eg har like godt flytta inn, utrulig triveleg å ligge på Leirvik med gangavstand til jobb og mykje besøk på kveldane. Her går det i Grete Rode mat som ein ser:) I går var det havblikk då eg tok båten til Leirvik og dermed vart tida nytta til å skifte olje på varm motor når eg kom fram, så var det gjort for vinteren.
I dag seila me (eg og faderen) "onsdagsseilas". Etter at det offisielle programmet no er over, tok Torodd initiativ. Bra! Dessverre vart det berre oss og Average Joe denne gongen, men me fekk ein fin tur rundt holmane utanfor Leirvik i svært lett vind. AJ hadde ikkje med gennakeren og etter halvgått løp var me faktisk fyrst:), FRI sklir greit og gennakerhåndteringa går fortsatt bra, dette ser lovande ut føre Klasen på laurdag! Dessutan har me fått ein liten vitamininnsprøytning framver som du kan lese meir om i neste innlegg:)

søndag 3. oktober 2010

Windjammer 2010

Årets Windjammer havna på samme dag som minstemann Ola hadde 3 årsdag, det vart derfor vanskeleg å nytte heile dagen til seiling, men med litt fin planlegging hadde eg likevel spikra Windjammaren saman med faderen i Doubelhanded klassen. Med eit mannskap som har nyoperert både kne og rygg var ikkje meldigane om sterk vind dei beste for oss og om morgonen før start kikra eg ned på Huglehammaren, det kokte av brytande sjø og dermed vart valget egentlig enkelt! Sjølv om det løya ein del før starta så vart det ein svært frisk Windjammar for dei som vart med. Bilda er frå starten, det var litt rart å stå på moloen med betalt startkontingent... Motoet vårt om at me gjer oss aldri har fått seg ein smekk, men litt fornuft må ein nytte inn i mellom:)

Vel, her er ein bunke bilder i hytt og pine, Blogspot har ein dårlig funksjon for å legg ut bilder. Dessverre har eg ikkje fåt tatt bilder av alle Stordbåtane, blant anna ikkje av nr. 3 Over-all Silje, gratulerer likevel Roy!



Her Trond sin Chablis


The Raunholm Brothers i fint driv!
Friskt!




Sundanceen, vart nr. 24 over-all, ubekrefta rykter fortel om ødelagt forseilet, kjiipt isåfall!

Her er årets VINNAR, Avergae Joe i fint driv, heile 13 min føre nr 2 på korrigert tid er imponerande! Tippar dei sakna fleire Melges konkurrentar på startlinja!
Her er nr 2 Over-all, Ollie Royal i fint driv!
Veni, Hanse 430, vart nr. 9 over-all med sjølvslåande fokk, ikkje verst! Det går altså ann å få fart på ein Hansebåt, de er jo godt å sjå:)
Jeanneau 49 i stor fart tett på moloen!