Tidleg i sommar fekk eg førespurnad frå ein huseigar som ynskte seg ein litt meir spennande hage. Vi vart samde om at natursteinsmurar i ulike nivå ville vere eit godt utgangspunkt, noko som også ville gjere hagen lettstelt. Hagen og murane tok form etterkvart som arbeidet skreid fram, og huseigarane gav meg frie tøylar.
Natursteinsmurar vert stadig meir populært i hagar. Steinen vert eit spennande innslag i hagen, og kan gjere enkle og mindre fine hagar til prakthagar.
Vinteren er ei fin tid til å planlegge hage – ta gjerne kontakt for ei uforpliktande samtale om du treng hjelp til å sjå moglegheiter i hagen din!