tirsdag 16. mars 2010

Min første amigurumi!!!


Okay, eg sneik meg til det mellom leseøktene :D Eg  har laga min første amigurumi :) Eg kunne berre ikkje dy meg! Etter min kjære sitt ønske blei det eit 1-up frå Super Mario, ein sopp, ein grøn flogesopp som gjev deg eit ekstra liv, ironisk nok...

Eg fann oppskrifta på ei engelsk side, håper på å kunne oversetta den og legge den ut her med tider og stunder. Men viss du vil lesa den på engelsk finn du den på Amy's odessey 

Eg brukte nokon restar eg haddde liggande av Sandnes fritidsgarn og heklenål nr 5.

Eit par ting som kan nevnast som eg etter kvart innsåg kunne bli gjort annarleis. Først og fremst, eg laga denne med feil side ut... hadde vore kjekt å visst før eg sydde den sammen, men neste gong skal eg få det til :) Fann ei side der det er veldig godt forklart (på engelsk) korleis ein får rett side ut når ein lagar ein amigurumi. Gå inn på Roxycraft som finn du det der viss du ser heilt til høgre på sida, litt nede, under amigurumi lessons.

Ein annan ting eg sleit med å skjønne var korleis i alle dagar eg skulle klara å starte heile prosjektet, fann tilslutt ein genialt enkel måte, kalla magic ring, søk på youtube so finn du ei god forklaring der. (har i ettertid funne ut av den andre måten og, men den kan eg komma tilbake til ein gong)

Miko likte i alle fall ekstra livet :) Men han ville helst gnaga på den vetle stakkaren... men klarte å få han til å sitta stille littegrann i alle fall, flinke vofsen vår :)

søndag 14. mars 2010

Planar for framtida :)

Det er vel viktig å ha ikkje sant. Eg har so mykje eg vil prøva ut atte. Redd det vert ei stund til det kjem noko nytt her dåmen, har visst ei oppgåve som skal inn på skulen over helge igjen, so den treng vel litt jobbing med den og...

Eg har ingen direkte bakeplanar til helga att, farlig å begynne å tenke på det for tidleg, då vert eg so usannsynlig godtesjuk heila beko :) so det skal eg komma tilbake til når helga nærme seg, for baking har eg alltid tid til uansett!

Når det gjeld handarbeid,driv eg å jobbe med ei tova vinhøne til svigermor, den treng vel endå vinge og litt bearbeiding, men den skal vera ferdig til påske :) So tenkte eg å laga nokon matchande hyllehøner, dei er tradisjon til påsken no, tidlegare har eg gitt vekk alle, men har veldig lyst på ei og anna sjølv og. Me får sjå.

So har eg forelska meg litt i ein japansk tradisjon, om me kan kalla da det då... Amigurumi vert det kalla, eller små, hekla, søte dyr og andre figurar som får litt menneskelege trekk, men med ekstremt store hovuder og store auger,dei er totalt uproposjonerte, men  kjempe søte!!! Må berre læra meg å hekle først...



So er det jo streikkepinneetuiene eg har begynt på... Skal nok få tid til dei og, må berre vente på stoff :) Dessuten har eg ein plan på nokon strikketøymapper, treng ein plass å ha strikkeprosjektene mine.

Ser jo at eg har meir enn nok å henga fingrane i, har lyst å begynna med ein gong, men studiene kaller visst... Kan no vera eg snike meg til litt anna kjekt mellom øktene. Det ser me nok snart ;)

Sjokoladefudge

Eg har totalt dilla på utenlandsk godis, spesielt amerikansk. No veit eg ikkje heilt, men fudge er velg både engelsk og amerikansk... Uansett har hatt kjempelyst å prøve å lage fudge. Skal innrømma at eg prøvde for ei tid tilbake, og det gjekk ikkje so bra... Men eg gjer ikkje opp, og so fann eg ei kjapp og enkel oppskrift og tenkte at hmmm, kan jo prøve det då, nett for å sjå at eg kan klare det (liker ikkje nederlag...) so prøvde denne superenkle mikrofudge oppskrifta. Det gjekk bra og det var enkelt, men var ikkje so fornøyd med resultatet... Merka at det var ein snarveg, og ikkje alltid snarvegar er so lurt...

Har i ettertid prøvd å lage ein skikkeleg igjen, denne gongen gjekk det bra, måtte jo nesten det, leita meg ihjel etter sukkertermometer, det er rett og slett ikkje å oppedriva i Norge trur eg, fann tilslutt eit, men det var altfor langt, og so endte eg med å bruke eit digitalt som ikkje er so nøyaktig, men gjer nytten... Men desverre likte eg den ikkje so godt då heller. Begge er altfor søte etter min smak.

Trur kanskje eg ikkje liker heimelaga fudge. Min kjære og kortkompisane hans likte begge deler. Den "ordentlege" har eg ikkje oppskrift på nett no, men den superenkle skal de få. Den blei meir sjokoladeaktig enn karamellaktig, og eg vil vel ha karamellaktig eg då...

Du treng:

50 g smør
375 g god mørk sjokolade
1 boks (375 g) søt kondensert melk (får du kjøpt i litt avanserte dagligvarebutikker som Meny eller Ultra og på ein del innvandrar butikkar, det er IKKJE vikingmelk)

Slik gjer du:

Ha klar ei lite langpanne eller form (ca 20x30)med bakepapir.

Del sjokolade i små biter ha i ei mikrosikker, varmesikker skål sammen med den kondenserte melka og smøret. Sett i mikroen på 3 min på høg effekt.

Ta ut skåla rør godt til alt er blanda og jevnt og hell i forma. La dette stå kjølig til det er stivna og kaldt. So deler du det i passelege store bitar.

Kos deg!



Skal prøva igjen , svigermor fekk nokon knallgode fudge i jula so ho skulle prøva å få tak i oppskrifta på, når eg får den prøver eg igjen :)

Mmmm bollar!!!

Ikkje for å skryta (er vel det eg gjer...)men eg er veldig flink å laga bollar :) dei blir so gode og luftige of nammete. Dette er den ultimate bolleoppskrift, meiner eg, og den er melkefri, som er bra. Hiv og på oppskrift på kjempegod melisglasur.

Eg pleier ofte å laga sjoladebollar, med enten lys kokesjokoladebitar i eller daim. Men skillingsbollar (evt kanel i svingen som min kjære kallar dei) er og veldig godt.

Desse bollane eg lagar her blei kanskje litt godt steikt, men gode var dei uansett :)

Du treng:

100 g smelta smør
4-5 dl rismelk (kan bruka vanleg melk)
50 g gjær
2 egg
1 dl sukker
1 ts vaniljesukker
1 ts salt
mjøl

Slik gjer du:

Smelt smøret og bland i rismelka og eit egg, dette skal vera fingervarmt (lunka), viss du har fersk gjær bland denne i det våte. Viss du har tørrgjær bland den med det tørre.

Bland litt mjøl med resten av det tører og bland med væska. Ha i mjøl til passe konsistens, skal vera litt klissete og passe fast. Elt den LEEEEENGE.

La den heva minst ein time. So kan du gjer so mangt. Du skal elta deigen pittelitt, og her kan du ha i sjokoladebitar, daimbitar eller det du må ønsker. Del deigen i passe store bollestørrelses bitar og rull dei fine og runde. Legg dei på brett med bakepapir og la dei heva ein time eller til eit lett trykk går tilbake.

Steik dei i 8-10 min til dei er gyldenbrune på 225 grader.


Viss du vil ha melisglasur so gjer du som følger:

Ta ei eggekvite og pisk den saman med passelig melis til den blir lett og luftg (lag marengs på ein måte) Det tar ganske lang til, so ver tolmodig. Blir kjempegod!!! Hell på bollane og rull dei i kokkos, nammm!


Her er meg og Miko som lager glasur :)


Kos deg!!! 

Oreokake eller Dotskake...

Tenkte eg skulle ta ei tørn no og legga ut dei oppskrifter eg har prøvd ut dei siste vekene. Først skal eg introdusera mi absolutte yndlingskake :) denne er berre best, og det er alltid denne eg lager til spesielle anledniger, no sist på min kjære sin bursdag. Den er ganske dyr i produksjon og tar litt tid men er ikkje noko vanskeleg og den er so absolutt verdt det! Kan ikkje nokon fleire ha bursdag snart...

Har til no kalt denna kako Oreokake, etter kjeksene som skal til for å lage den, men no har det kome ein ny norsk versjon av desse kjeksene, Dots, so kan brukas lika godt, OG dei er billegare og det likar me jo :)  

Denne kako er ei lagkake som ikkje treng steikast, den skal kjølast. Først er det ein kjeksbunn, so eit lag med ostekrem, deretter eit lag sjokolademousse og til slutt eit lag med marshmallowkrem (kan og bruka vanleg krem med litt sukker, kjem tilbake til det...)

Du treng:

ca. 450 g Oreo/Dotskjeks
100 g smelta smør
2 pk kremorst naturell (250 g, kan og bruka philadelphia naturell)
3,5 dl piska fløyte (eg brukar ein vanleg lite boks)
2,5 dl melis
sjokolademousse
melk til moussen (sjå på oppskrifta på denne kor mykje)
Ca 15 marshmallows



Steg 1: Kjeksbunnen

Legg vekk 1/4 av kjeksene, dei skal du ha litt seinare, ikkje et dei.
Ta resten av kjeksene i ein hurtigmiksar viss du har og knus dei til smular (eller i alle fall veldig små bitar) Viss du ikkje har hurtigmiksar kan du ta kjeksene i ein plastpose, litt lurt å ha fleire utanpå kvarandre, og so slår du laus med ein kjevle eller noko til det er passe knust. Bland dette med det smelta smøret og fordel i ei rundt kakeform på 24 cm om du har, viss ikkje funker andre og, ikkje for små, då får du ikkje plass til alt...
Sett dette kaldt



Steg 2: Ostekremen

Pisk kremost og melis til det vert luftg, kremete og fint, bland dette forsiktig med ca halvparten av kremen og bre utover kakebunnen. No skal du ta fram dei kjeksa du satte til side og ikkje åt. Desse hakkar du grovt og legg ca halvparten av dei oppå ostekremen. Sett dette kaldt.



Steg 3: Sjokolademousse

Finn fram sjokolademoussen, eg bruker Freia sin med sjokoladebiter i, finn ikkje rein sjokolademousse, men det går heilt fint. Følg veiledningen på pakken til moussen og rør inn omtrent siste rest av kjeksene (kan ta vare på litt til pynt). Bre dette over kako. Sett denne kaldt.



Steg 4: Marshmallowskrem (eller berre krem, opp til deg)

Detta steget har eg modifisert litt, eg fann nemmlig oppskrift på marshmallowskrem som er veldig godt oppå denne kako, ikkje det, den er vel egentlig søt nok, men føler kako blir meir holdbar med denne istaden for berre krem. Men viss du syns det er nok sukker so brer du berre resten av kremne over kako no, og du er ferdig :)

Men marshmallowskrem ja, ta litt melk i ei panne (helst non-stick) rundt 1 dl eller noko, ikkje so veldig viktig, dettr er for at marshmallowsen ikkje skal svi. Hell oppi marshmallowsene og smelt på medium varme. Rør i dette til den er heilt smelta til ein fin kvit luftig konsistens. Når det har kjølt seg litt, blander du det med kremen og tar det oppå kako. Sett kaldt og la det stivne. 



Steg 5: Pynting

Her gjer du vel det som passer best for deg. Eg pleier å strø litt kjeksbiter oppå, det er og veldig fint å lage eit rutemønster med litt sjokoladesaus, eller kanskje pynt med nokon jordbær...Slepp fantasien laus :)



Då var kako ferdig. Denne er best når den har fått stått litt og modnast so og seie, so lag den gjerne dagen eller to i forveien. Kos deg!!!

Strikkepinneetui



Eg har sydd strikkepinneetui! Og eg som berre har sydd nokon kjedelige gardiner før. Må sei eg blei ganske fornøyd, og må innrømma at eg blei bitt av sybasillen, so no har eg vore på stoff og stil  og kjøpt meg litt meir stoffer. Snart håper eg derfor at eg kan legga ut litt fleire ting :)  

Ialle fall, eg sydde meg strikkepinneetui, og det trengtes for eg har vore på ebay og handla strikkepinnar, ikkje mindre enn 2x18 rundpinnar og 15 strømpepinnar til den nette pris av rundt 350 kr, alt i bambus, var fornøyd med det :)

Eg brukte veiledningen som pickles har lagt ut, den var veldig enkel og grei, eg modifiserte litt då, og gjorde det litt lenger, og so festa eg ikkje klaffen oppe anna enn på sidene. Blei ganske bra. Brukte noko gammalt stoff eg hadde liggande kjøpt på ikea til ytterstoff, og ei garding til innerstoff. Eg fora det og med platevatt, men veit ikkje om eg gjer det neste gong, blei litt tjukt og klumpete.... Dessuten so verka det som foret blei litt for stort på ein måte, men, men blir betre neste gong, må laga eit par til, for i dette fekk eg berre plass til strømpepinnane :)


onsdag 10. mars 2010

Wuhuu! Første innlegg :)

Mitt første innlegg! La det bli det første av mange mange framover :) Har ein del ting eg allereie ville ha lagt inn her, men er ikkje den rutinerte bloggaren eg vil endå, so me tar det etterkvart. Men tenkte eg skulle begynna med dagens bakverk, (på ein onsdag :o !! Jaja, må slå seg laus av og til hihi Dessuten so skal eg sitta 8 timar på toget i morgon so sopass fortjener eg, og so blir min kjære so glad :) )

I dag har eg laga Chewy Chocolate Chip Oatmeal Cookies, eller seige havrekjeks med sjokoladebitar, nam, nam. Blei ganske so vellykka om eg kan få sei det sjølv. Min kjære var enig, sjølv om han ikkje var veldig fokusert i augeblikket (søker på jobb flinke gutten) Eg brukte amerikanske mål, med cups. Men sidan ikkje alle har slike fine litermål med det på, og heilt ærleg, det er ganske upraktisk å måle smør i cups, sjølv om det fins måtar, so har eg oversatt oppskrifta til gram(difor vert det kanskje litt rare mål...)Det vert litt meir nøyaktig med gram enn dl. Oppskrifta er forresten henta på nettsida allrecipes.com, der har dei masse spennande og gode oppskrifter og viss du ikkje har ei god kjøkkenvekt so finn du oppskrifta der, med cups.

Desse var i alle fall kjempe lette å laga. Eg kutta ut nøttene og dobla sjokolade mengde (ånei!!! ;) ) sidan vennen min ikkje tåler nøtter so veldig godt. Her er oppskrifta. Hugs å visp smør og sukker godt, men resten bør du vera litt meir rolig i vispingen med. Bland resten av ingrediensane nett slik at det vert blanda, ikkje meir. Eg vispa S&S- blandinga i min trufaste kjøkkenvenn majoren, men resten tok eg for hånd. Viss ikkje kan det fort bli flate harde kjeks, og det vil me jo ikkje :) desse skal vera seige med ein sprø kant rundt.

Ingrediensar

225 g mjukt smør
220 g pakka brunt sukker
100 g sukker
2 egg
2 ts vaniljeekstrakt ( bør vera ekstrakt, ikkje so lett å få tak i, men apoteket har gjerna, ganske dyrt då. men går veldig fint an å laga sjølv og :) sjå på sida. Viss du ikkje har tid til dette kan det være vaniljeessens går og, men eg har aldriprøvd det...) 
155 g mjøl
1/2 ts natron
1 ts salt
245 g havregryn
115 g hakka valnøtter
170 g hakka lys kokesjokolade (eller sånne fine DYRE sjokoladelinser)



Sånn gjer du:

1. Sett ovnen på 165 grader.
2. Bland sammen smør og sukker til fint og luftig. Rør deretter inn egga eit av gongen, so rør inn vaniljen
3. Bland mjøl, salt og natron og rør dette inn i det våte til dett er nett jevnt blanda.
4. Bland havregryn, sjokolade og nøtter og rør dette inn med resten, nett til det er fint blanda.
5. Sett fine toppa ss- store klattar på bakepapir ( ikkje for store og for tettm dei flyte litt ut)
6.Steik i 12-13 min til dei er nett brune i kanten. La dei kjølna på steikeplata før du tar dei over på rist. Då held dei seg seige.



So er da berre å kosa seg masse. Det gjorde i alle fall me :)