tirsdag 13. mai 2008

Du ser meg i auga

Svalt om mi panne, den trøytte og heite,
hendene la du og bøygde deg ned,
såg meg i auga og sa: Eg skal leite -
gå ut på vidvank og finne att deg!

Og dine auge kom stille og blanke
mine i møte og skein i meg inn,
møtte på vegen min løynlegste tanke,
nådde den djupaste botn i mitt sinn.

Vidope låg det for sol-auga dine.
Men i mi sjel vart ein angest til:
Møter du mangt som kan skremme og pine?
Før eg fekk spurt om det såg du min tvil.

Du smilte til døde all angest eg hyste,
smilte, til innover heile mitt sinn
nykveikte gledelys loga og lyste,
- smilte, til min smil skein opp imot din!


Eit dikt av Halldis Moren Vesaas, ei genial dame.

5 kommentarer:

kari! sa...

Jeg ELSKER den dama, ass!
Det burde være en LOV om at man BØR lese diktene hennes.

Og ektemannens dikt er også heeelt ok.

Astrid sa...

Eg veit! Godt nokon er samd med meg :) Eg kjøpte ei bok av ho, og fyttigrisen.. eg vart heilt bergtatt.

Heidi Gyldenås Olsen sa...

Jeg er også veldig glad i henne! Og har dere hørt melodien som er laga til denne teksta? Den er så nydelig!! Jeg driver og leiter etter opptak, men finner den ingensteder.

Heidi Gyldenås Olsen sa...

Kommentar til meg selv: let på Spotify..
Der var den jo :)

Anonym sa...

Veit nokon kva diktsamling det kjem ifrå? Me skal syngja den på konsert med Bergen kammerkor sundag (28.10.2012) og eg skal halde innleiing om songen, men veit ikkje kva eg skal seie enno.