Levnad (CV)

Turnear/konsertar/innspelingar/førestillingar
Administrasjon og verv
TV/Radio
Undervisning
Publikasjonar
Utgjevingar CD/Mc/Lp

Gjennom arbeidet med å få også dei eldre songarane fram i ljoset har ho lært av dei mange songarar frå ulike stader i landet. Frå 1975-1985 blei det laga kvedarsamlingar, kalla Kvedarseminar rundt om på aust- og vestlandet, i regi av Club7, Oslo AOF, i samarbeide med Landslaget for Spelmenn og lokale folkemusikkorganisasjonar. Siste seminaret var nordisk, og halde i Sverige. Dei fyrste sju åra var Agnes svært aktiv i dette arbeidet.

Agnes Buen Garnås
Født 1946 i Jondalen, Kongsberg, der ho vaks opp med folkemusikk og folkesong i heim og nabolag.

Turnear/konsertar/innspelingar/førestillingar [til toppen]

Åleine og saman med musikarar frå ulike genrar har ho hatt konsertar i inn- og utland. -som i samarbeid med Jan Garbarek i konsertutgåva av "Rosenfole". Med Jan Garbarek Groupe reiste Mari Boine og Agnes Buen Garnås i austlandsområdet på ein fem vekers Rikskonsertturné og på miniturnéar rundt om i verda frå 1984-1995, m.a. på The festival of Scandinavian arts på Barbican Centre i London i 1992.

Ho har tatt del i 22 plateinnspelningar, der "Rosensfole" i samarbeid med Jan Garbarek og "Draumkvedet" saman med Harald Gundhus, Kåre Nordstoge, Knut Buen og Warren Carlstrøm er dei mest kjende. Ved innspelinga av Draumkvedet, med Spelemannspris 1994, var mange lange turnear og i seinare år ei rekke enkeltprogram også i åra etter 2000.

  • "Tusseliten og Trippeliti" Barnetradisjon i leik, song og soge, saman med musikarane Guttorm Guttormsen og Knut Buen, CD, MC, Teksthefte og notehefte, er utgitt med tanke på bruk i heim, barnehage og småskule.
  • "Stev og slått" med Knut Buen på hardingfele og slåttestev sunge av Agnes, er meint til undervisningsmateriale, i tillegg til å være ei plate det og kan lyttast til som i ein konsert. Til alle produksjonane fylgjer eit rikhaldig skriftleg materiale som innlegg i Cd-omslaget.
  • "Soltreet" som inneheld opptak frå ulike program-produksjonar - og nyutgjeving av "Nordafjølls" (MC). I tillegg: Utvalg frå eit toårig arbeide med å finne fram til fleire gamle-stevmelodier/nystevmelodiar nytta her i fleire samansette stevrekker - gamlestev og nystev i nyinnspelning. Eit kutt saman med Jan Garbarek/Mari Boine, frå konsertrekkene på 80-talet. Opptak frå domkyrkja i Trondheim i konsert, med musikarane Kåre Nordstoga og Knut Buen.
  • M.B. Landstad - produksjonen frå Via Music "Han rider den mørke natt" inneheld songar, salmer, folkeviser og stev samla eller skrive av diktarpresten, som levde mange av sine leveår i Telemark. Ein utstrakt turné, saman med musikarar og kåsøren Jon M. Landstad fann stad etter plateutgjevinga (2002). CD´en blei laga i eit samarbeid mellom Jon Magnus Landstad (M.B.Landstads tippoldebarn), Kristin Landstad, Via Music og ABG.
    Agnes var med på å få utgjeve desse i alt 2500 folketonenedskriftene, ho var óg pådrivar til at dette arbeidet kom raskt i gang, m.a. ved å samle landets leiande musikarar i eit opprop om at dette var svært viktig materiale for alle musikkgenrar.

Dei siste åra har Agnes arbeid mykje med tverrkunstnarlege samlingar for barn i alder 0-3 år.

  • "Fugl" - ein eventyrkonsert - i samarbeid, med Ruth Wilhelmine Meyer, og med kunsttekstilar vevde av Nina Thomodsæther Haugen er vist rundt om, og har vore med på turne m.a. i Telemark, Rogaland og har vore vist på møteplassar (Den kulturelle skulesekken) i Møre og Romsdal og Molde
  • "Det begynner med en tråd..." i samarbeide med Nina Thormodsæther Haugen. I dette lokale prosjektet blei det laga i alt over 20 ulike program i prosjektperioden 2000-2002
  • I oppfølginga av prosjektet, i 2004, vart det budsjettert med omlag 6 program i året i Bø for dei i alder 0-3 år (det vart gjeve positive svar på fleire av søknadane - så prosjektet fortsatte) i overenskomst med einingsleiarane i kommunen.
  • "Fuglfønix" er ei videreføring av prosjektet "Fugl", og vil som forrige prosjekt gje kvart program eit tema. Prosjektet vil følge og ivareta å ha med årssyklus, temapåbygg og fleirkunstnarleg utøving i song, musikk, fortelling og biletkunst. Trefigurar vil bli installasjon denne gong, både på arenaer inne- og ute for å lytte til Dvergmålet, eller for å være på ein stad der det er sagnhistorier tilknyrtt.
  • "Ljod" er ei større førestilling, saman med Ruth Wilhelmine Meyer, Marilyn Mazur og Birgit Løkke. Dette er Agnes sitt største program/prosjekt, i alt mange hundre i talet.
  • "Åleine" saman med dansarane Ingebjørg Kittelsaa Vesaas og spelemannen Per Anders Buen Garnås, som viser noko av det sterke ved å stå åleine, men og noko av det gode ved å være fleir, kanskje til og med fleir-generasjon. Ei fabel-artig lita førestilling.

I 1992 satte Collage Dansekompani opp danseførestillinga " i Et Sætera" - ho styrde sine skip frå land. En danseforestilling av Kristin Gjems musikk: Agnes Buen Garnås & Jan Garbarek.
"Koreografen har latt seg inspirere av sangerens personlighetsskildringer og stemning som varierer fra det lyriske, det drømmende, til kraft og lidenskap".

  • Førestillinga gjekk to veker i Oslo, og blei satt opp nokre dagar i Bergen, på Inderøya og i Trondheim.
    • Ut frå å kjenne at balladane i danseoppsettinga kunne leve sitt eige liv på ei stor scene, kom inspirasjonen til å lage "Det syng!". Skodespelaren og songaren Anne-Marit Jacobsen batt saman songane med sitat frå Haugtussa av Arne Garborg (1994). Eli Storbekken, Halvor Håkanes, Sinikka Langeland - saman med Agnes Buen Garnås, song. Innhaldet i programmet var felles nordiske folkeviser, satt saman i ei meiningsfyllt rekkje. Tanken var å ta med ein songar frå kvart av dei nordiske landa - som så skulle synge sine variantar av same song.
      "Det syng" blei berre vist i Noreg, på fleire Rikskonsert-turnear, på scene 2, ved Nationaltheateret i 10 dagar. Førestillinga er vist omlag 50 gonger på dei tre åra samarbeidet var på sitt frodigaste, og nokre få gonger i seinare år. Deilar av programmet er og vist på TV og sendt i radioprogram. CD´en "Det syng!" vart innspela i 1996.
  • I ´97 gjekk Sinikka Langeland og Anne Marit Jacobsen ut av "Det syng!" grunna andre viktige oppgåver. Agnes Buen Garnås, Eli Storbekken og Halvor Håkanes fekk Geirr Lystrup med seg i ei ny forestilling med nordiske folkeviser, der sungne stev bind saman fortellingane i visene. Geirr Lystrup sine nydikta viser og stev, dansaren Cathrine Smith sine nåtidige danseuttrykk, Nina Thormodsæthers moderne vevne og måla tekstilinstallasjonar og dei tablåliknande framføringane av visene, gjorde dette til ein annleis folkemusikk-konsert. Gjennom dei sju åra denne førestillinga er synt, har dei medvirkande teke med songarar frå alle dei nordiske landa. Dei har reist i Sverige, Finnland, Island, Færøyana, Åland, Gotland, Danmark, mange førestillingar i Norge og nokre enkeltoppdrag. Frå 1997 - 2004 er 30-40 førestillingar synde, og songerar frå alle dei nordiske landa har teke del. Færøyane var representert med i alt ti songarar/dansarar, frå Nòlsoy Dansarlag. Birgitte Grimstad, Gisli Helgason, Aiva Insulander, Marianne Maans var med som songarar, utanom dei før nemte norske. Dansaren Cathrine Smith har gjennom nåtidsdans vore med frå starten av programmet "Kvedar". Kunstvevnader av Nina Thormodsæther Haugen har vore fast sceneinstallasjon.

Ellers:

  • Rikskonsertturnear i skule- og kveldskonsertane og sosialkonsertar: ca. 20 turnear, flest i 70 og 80-åra, men også i 90 åra. For Folkeakademiene i 90-åra, og 5 turnear etter 2000-.
  • I to år var Agnes med å sette opp innhaldet til Nationaltheaterets matine 17.mai med folkemusikkmateriale, v/Lise Fjeldstad. Ho hadde og kurs for skodespelarane ved teateret.

Administrasjon og verv [til toppen]

  • Nordiske turnear med "Kvedar" har og vore Agnes Buen Garnås, Eli Storbekken og Halvor Håkanes sitt administrative arbeid dei siste åra. Her var hovedsiktemålet å gjere folk meir kjende med folkevisetradisjonen - noko av vår felles nordiske tradisjon. Utøvarane reiste mykje innan Norge. Dei drog til Island, Finland, Åland, Gotland, Danmark, Færøyane og Sverige.
  • Ho har vore aktiv i styret i Folkeakademiet i Bø frå 1970.
  • Styremedlem i Folkeakademiet Telemark i fleire omganger.
  • Nestleiar i Norsk Folkemusikk og Dansarlag i 2 år, og styremedlem i 5 år.
  • Æresmedlem av Landslaget for Spelemenn.
  • Ved Telemarkfestivalen har ho hatt regien på eit irsk-norsk program, som og blei Rikskonsertturne i Telemark og Hardanger i etterkant av festivalen. Eit liknande arbeide vart gjort mellom Ungarn-Norge ved eit samarbeide med Marta Sebestian.
  • Rikskonsertenes Rådsmedlem i to periodar.

juli og august 2004:

  • Fleire konsertar
  • Kurs
  • Biletutstilling av illustrasjonar frå balladane
  • Seminar m/song av dei nordiske songarane
  • Kåseri v/professor Eydun Andreassen
  • Færøyane på Nynorsk Festspel
  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
  • Medeltidsväckan på Gotland
  • Schäffergaarden i Danmark

TV/Radio [til toppen]

  • På 70-talet arbeidde Agnes etter oppdrag frå Club 7 med irsk-norsk programsamarbeide, som resulterte i eit fleire dagar langt program, med føredrag, konsertar og TV-opptak. Norske og irske utøvande utveksla musikk og kom fram til mykje felles materiale. TV-opptaka gjekk i ei prgoramrekkje på fire program i regi av Morten Thomte/Jan Horne i 1987. Ein miniturné til Telemark var og med i prosjektet - konsertane vart særs godt mottekne.
    Eit liknande prosjekt vart og gjort på finsk-norsk kultur, der musikarar og andre kunstnarar frå finsk innvandringsområde i Noreg og Finland , møtte kven og finsk/norsk kulturutøvarar og folkemusikarar frå andre områder i Noreg. Dette programmet vart og synt i Bø og Vinje.
  • Agnes var programleiar for TV-potretta av Brita Bratland, Aslak Brekke og Ragnar Vigdal. Alle programma vara ca 1/2 time og var i regi av Erik Øsby (1977-1980).
  • Ho har og vore programleiar for ei rekkje radioprogram - særleg i Folkemusikkhalvtimen. Ho har vore "ukas artist" og har laga jole- og påskeprogram, med utgangspunkt i musikk knytt til høgtidene.
  • Portrettprogrammet "Kjærringa mot strømmen" , på TV1, og konsert-programmet med Draumkvedet frå Gjerpen kirke i regi av Lise Foss, blei laga og sendt i 1987. Reprisesending nokre år seinare.

Undervisning [til toppen]

  • Kurs og seminar på Ole Bull Akademiet var av Agnes´faste arbeide i omlag 15 år. Ca 5 turar til Voss i året i 15 år.
    • Jon-Anders Halvorsen og Anne Murstad har hatt Agnes som hovudlærar på Ole Bull Akademiets Kvedarskule, Jon-Anders ii 1 år og Anne i 2 år.
    • I år: Kjersti Kinsarvik (OBA Kvedarskule) 10 timar.
    • Sagapris Arve Moen Bergseth, og Berit Opheim.
    • Anne Kleivset har gått tre år kveding med Agnes som rettleiar ved Konservatoriet i Trondheim.
    • Anne Murstad, tre år ved musikklinja Vidaregåan, Skien, så to år på Kvedarskulen i Voss.
  • Mange studentar ved Universitetet i Oslo, og Musikkhøgskulen i Oslo, har hatt Agnes som songlærar.
  • Agnes har vore sensor ved avsluttande eksamen ved dei ulike linjer på Høgskulen i Oslo.
  • Studiet ved Høgskulen i Telemark (Raulandsakademiet), har hatt Agnes som lærar kvart år. I 2003: 70 timar med songelevane 1. og 2. året.
    • Agnes sat og i arbeidsgruppa for plan til 2.års studiet ved denne linja, saman med Sondre Bratland, Frode Nyvoll og Sundvor.
  • Ho har vunne Landskappleiken i alt 6 gonger – frå 1965 - 73, og i nyskapning: 2 gonger.
  • I regi av Musikkskulen/Musikkrådet i Bø har ho enkeltelevar - og årlege kurs, som har vore tilbod til lærarar og andre som vil nytte kveding i formidling eller til eigen hygge og nytte. Kursa har vore sett opp i over 20 år, med 10-20 påmeldte kvartår. Dette kurset har vore det einaste faste arbeidet. Resten har alt vore freelancearbeid, utøving, programarbeid, konsertar, turnear, kurs, seminar, elevar m.m. Freelancearbeidet har vore mest rundt om i Noreg, men og i norden eller andre stader i verda. Mellom ana i Seattle i ´85 og Chatré i ´90.
  • Folkemusikkprosjekt i skulane rundt om på Austlandet har vore, og er, noko av Agnes virkefelt. Dette har vore over fleire år i Tuddal og Bø, men og sporadisk på vidaregåande skular, ungdomsskular og mest på barneskular rundt om i landet. I Bø og tidlegare Tuddal, har prosjekta vore kontinuerleg.

Publikasjonar [til toppen]

  • "Ei vise vil eg kveda" Redaktør: D.G. Myhren, H.K. Buen og Agnes Buen Garnås. 1978/1984.
  • "54 viser og stev fra Øst-Telemark" Medredaktør saman med Tiril Bonnevie, Turid Askjem og målarane Sidsel Huvestad og Hanne Borchrevink. Grøndahl 1984.
  • "Frå profesjonell til amatør?". Prosjektoppgåve saman med Karin Brennesvik TDH 1984.
  • "Kvedarskogen har runne på ny" Telemark Årbok 1980.
  • "Tusseliten og Trippeliti" Norsk barnetradisjon i leik, song og soge teksthefte, notehefte, Mc, CD 89/90/92.
  • Norske folkemusikkfonogram Discografi plater og kassettar frå 1970-80 åra, 1988 kan fåast gratis i Rådet for folkemusikk og folkedans, som óg har reinskrive manus og trykt discografien.
  • Diverse andre artiklar i Telemark Årbok, aviser, magasiner m.m.

MC/LP/CD utgjevingar [til toppen]

  • "Det spelar og syng". Fam. Buen, Norsk Polygram, 1975. Seinare nyutgjeve "Buen".
  • "Nordafjølls folkeviser/lydarslåttar". Agnes Buen Garnås og Knut Buen. Mc 1983.
  • "Draumkvedet". Mc/Lp/CD Kirkelig Kulturverksted 1989.
  • "Tusseliten og Trippeliti. CD/Mc, tekst og notehefter. Buen Kulturverksted, 89/90.
  • "Rosensfole". Jan Garbarek og Agnes Buen Garnås. Kirkelig Kulturverksted/ECM, 1989.
  • "På gamle tufter". Knut Buens tekstar og tonar, 1985.
  • "Twelve Moons". Jan Garbarek m/Agnes som gjesteartist, 1993.
  • "Høgdepunkt under Landskappleiken". 2 kutt, CD Grappa, 1994.
  • "Stev og slått". Saman m/Knut Buen. Buen Kulturverkstad, 1996.
  • "Det syng". Div. artistar. Grappa, 1997.
  • "Med blanke ark". Div. artistar. Grappa, 1994.
  • "Når klokkune gjeve dur". Mc/Lp/CD, Kirkelig Kulturverksted, 1976/2002.
  • "Folk Music of Norway". Lp/Mc/CD, Topic, 1977.
  • "Jul med Rupesekken". Mc, Buen Kulturverksted, 1985.
  • "Stem våre understrenger". Knut Buens tekstar og tonar, 1988.
  • "Ljos og skugge". Knut Buens songar,1998.
  • "Langt inn i hugheimen". Knut Buens songar, 1997.
  • "Attersyn". Knut Buens songar, 1995.
  • "Soltreet". Buen Kulturverksted, 2002.
  • "Han rider den mørke natt". M.B. Landstad. Via Music, 2002.
  • "Venn". 2005.

"Åleine" saman med Ingebjørg Vesaas, dans Per Anders Buen Garnås, hardingfele, Agnes Buen Garnås kveding
Oppatt-taking av programmet i 2011/2012 - med påbygging av ein dansar til: Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas

"Kivlemøyane møter Olav Aasteson"
Utdrag frå Draumkvedet.
Agnes Buen Garnås kveding
Kivlemøyslåttar og fleire av våre aller eldste slåttar i Telemarktrad.: Per Anders Buen Garnås, hardingfele (2010 - 2011 - 2012)

"Julegeitas sang"
verkstad/forestilling med utgangspunkt i utklednings-tradisjon frå Scotland og Norge. Om julebokken/jolegeita og annan tradisjon knytt til jol. Agnes Schau, skodespelar/dokkemakar/ fortelling (Medeigar og utøvar i Levande dokker, Asker) og Agnes Buen Garnås, kveding og song og fortelling 2011/2012.

”Olav Aasteson møter Kivlemøyane” Agnes Buen Garnås - kveding
Per Anders Buen Garnås - hardingfele
Konserten inneheld utdrag frå M.B. Landstad sin versjon av Draumkvedet frå Norske Folkeviser - og slåttar av dei eldste me kjenner til. Utdraget av folkevisa og slåttane er satt saman slik at det har ein musikalsk samklang, og ein innhaldsmessig samanhang.
Folkevisa er kveda i eige form. Likeeins med slåttane dei er og spela i eigne former, og i levande tradisjon.