søndag 24. januar 2010

Våg å stå som Daniel


Nummer 3 og eg tok oss ein tur i kyrkja i dag, sidan ho ville ha Bibel ho òg, når klassekompisane skulle få. Gudstenesta var både variert og underhaldande, med barnekor og barnedåp i tillegg til at fjerdeklassingane altså skulle få kvar sin Bibel.

Dagens tekst handla om Daniel i løvehola, ei historie eg hugsar svært godt frå min eigen oppvekst. Svein Prest er fantastisk flink til å fortelje, og han er eigentleg underhaldning nok i seg sjølv. Han snakkar eit stivt høg-nynorsk, og i dag snakka han til og med på rim, innimellom. Eitt av høgdepunkta var då han sa fram dei første setningane i Bibelen på hebraisk, og deretter snudde seg mot den yngre garde i kyrkjelyden og sa "var ikkje det kuuult?"

Nummer 3 erklærte etterpå at det er godt å vere i kyrkja av og til, for då kan ein tenke over ting. Om Daniel i løvehola kan ein reflektere mykje - det viktigaste er å kunne stå for det ein trur på, uansett. Bodskapen om at det då ikkje vil skje noko vondt, er verre å tru på. Personleg såg eg straks ein parallell i gasskammera - gudstrua hjalp ikkje dei som enda der til å overleve, men var kanskje til trøyst i den siste, vonde stunda i livet.

3 kommentarer:

  1. Når eg les denne "teksten" minnest eg teksten i songen som vi song på søndagsskulen og som vi likte så godt"Våg å stå......" Veit ikkje om vi overførte den til andre situasjonar? Men som eg har sagt så mange gonger: Dei gammeltestamentlige forteljingane er så gode at dei kan stå for seg sjølv.I lærartida mi elska eg å fortelle dei til elevane- som elska å høyre dei.God litteratur rett og slett.
    Og så får kvar enkelt tolke dei etter eige hovud.
    Fint at nr. 3 har oppdaga at kyrkja er ein fin plass å meditere.

    SvarSlett
  2. Jeg bor i Canada og leser dette! Har du kanskje teksten til "Våg å stå som Daniel - sangen? Skal undervise om å ta på seg Guds fulle rustning og vil fortelle barna om en som gjorde det!

    Tina i Canada - en venn du ikke kjenner enda :-)

    SvarSlett
  3. Eg har leita på internett, men finn den dessverre ikkje. Du må nok til med ei songbok. Lukke til! :)

    SvarSlett