fredag 19. juni 2009

Bok 36 2009: "Nåde" av Linn Ullmann


Denne boka fekk mykje merksemd då ho kom ut i 2002, men eg har ikkje lese den før no. Forteljinga om den dødssjuke mannen og kona hans, som får i oppdrag å ta livet av han før han døyr ein uverdig død, er både rørande og sterk. Komposisjonen er ikkje kronologisk, og igjen slår det meg at dette er med på å skape spenning og framdrift. Ullmann er ein dyktig forfattar, men eg må seie at slutten ikkje var heilt etter min smak, noko eg har meint om fleire av bøkene hennar tidlegare. Temaet er uansett engasjerande; særleg no når visse parti har bragt eutanasi på den politiske dagsordenen.

4 kommentarer:

  1. Eg har lese mange bøker av Linn Ullmann etter at eg vann over skepsisen. Trudde ho berre utnytta namnet og posisjonen sin.Denne boka har eg også lese.Det er viktig at dette temaet blir debattert, men eg ville ikkje pålegge nokon, verken mine eigne eller legane om å yte aktiv dødshjelp.Det er ei tung bør å legge på eit menneske!

    SvarSlett
  2. I min ungdom var Linn Ullmann mykje i ungdomsblad o.l., og eg hugsar blant anna at ho var framheva som ei skjønnheit med modellkarrière i New Yor. Pen har ho aldri vore i mine auger, men skrive kan ho. Likevel må eg innrømme at eg var litt skuffa over at boka etter mi meining ikkje gjekk djupt nok inn i den børa Besta nemner her.

    SvarSlett
  3. Eg meinte sjølvsagt New YorK!!! Tastaturet mitt har begynt å tape seg - eller så er det meg det er noko gale med...

    SvarSlett
  4. Eg likte også denne boka. Og eg er heilt enig med at dei øydela mykje med å skubbe henne fram som pen. Ho måtte og slite med to berømte foreldre.
    Eg meiner at aktiv dødshjelp er ein farleg veg å gå inn på. Det kan få så mange uheldige konsekvensar. Og her må ein ha tvisyn!

    SvarSlett