29. september 2008

Nydeleg i Nordlys

Biletet blir større viss du klikkar på det
Eg har fått endå ei kjempefin bokmelding eg må dele med dykk. Denne kom i Nordlys i dag, og ettersom eg ikkje har funne han på nett, har eg teke ein skjermdump frå Retriever-eposten.

Der finst nemleg ei teneste som heiter Retriever som tek seg som mål å fange opp alt som blir skrive om meg i pressa, og det er slik eg klarer å halde greie på kva slags bokmeldingar og slikt som kjem.

28. september 2008

Sjarmerande barnebokdebut

Eg har byrja lese ei av dei andre haustdebutantbøkene frå Samlaget, nemleg Den usynlege kona og andre forunderlege folk av Terje Jonassen.

Eg hadde ein mistanke om at dette ville vere ei sjarmerande og fin bok, og det viser seg å stemme. Her skjer det mykje rart og fint og morosamt, og det er skildra på ein fin måte som passar både for små og store barn.

Filmtilråding

Vakkert Vinterland
Eg nemnde i går at eg i helga har sett to filmar av filmskaparen Hisham Zaman, nemleg kortfilmen Bawke ("pappa") og langfilmen Vinterland.

Zaman var ferdig utdanna ved Den Norske Filmskolen i 2005, og er prisløna både nasjonalt og internasjonalt for Bawke, ei sterk historie om ein kurdisk far og son på flukt, og om kjærleiken mellom dei og dei vala kjærleiken får ein til å ta.

"Den lille familien i filmen "Bawke" flykter gjennom Europa og vi ser dem gjemme seg under kjørestellet på en lastebil, skitne, slitne og redde. De frykter for å bli oppdaget og sendt tilbake til Irak. Flukten ender på en T-banestasjon i Oslo. Faren får ikke oppholdstillatelse i Norge, men han drømmer om en annen framtid for sønnen sin."

Vinterland er ein herleg, varm film

"om den kurdiske flyktningen Renas som bor alene, langt mot nord, og langt fra hjemlandet. Snart skal han gifte seg med sin spesielt utvalgte prinsesse, Fermesk, en vakker pike fra god famillie som skal komme med fly fra Nord-Irak. Men når Fermesk endelig kommer, ligner hun ikke kvinnen på fotografiene. Og hun er helt annerledes enn han har forestilt seg. Heller ikke han lever opp til hennes forestillinger om drømmemannen. Den første forelskelsens rus er over. Begge angrer. Men nå har de bare hverandre, under samme tak, i vinterlandet."

Hisham Zaman er etter mi meining ein av dei absolutt beste regissørane og filmskaparane i Noreg i dag. Sjå desse filmane! Det fortener du.

27. september 2008

Famlinga

"gripe varsamt, prøvande, usikkert"

Eg famlar rundt i teksten. Prøver meg fram, prøver meg fram igjen. Alder, form, tid, grep.
Eg liker ikkje å famle. Eg liker å finne, finne ut, ha noko klart, vite kva veg eg vil gå. Eg eignar meg ikkje som famlar. Eg er rett på sak, bestemmer meg fort, veit kva eg vil.
Ikkje no. Veit ikkje. Orkar ikkje prøve, heller, ikkje i dag. Håper det dett ned i hovudet på meg snart. At det plutseleg losnar.

Totalt poenglaust

I dag er ein slik dag der eg skulle ønske eg hadde noko å skrive. Skrive kan ein jo likevel, så klart. Folk gjer slikt heile tida. Nokre skriv endåtil lange bøker utan å ha noko å skrive.

Eg gir dykk altså eit utflytande, poenglaust blogginnlegg i dag, berre fordi eg har lyst til det. Eg sit utsliten på sofaen, eg orkar ikkje røre meg, eg har noko elendig frå MTV over skjermen (å, eg lengtar tilbake til dei dagane då MTV var ein stad for gode musikkvideoar og ikkje reality-show med bortskjemde, amerikanske rikingar), eg knaskar i meg Snømandel Sjokolade kjøpt på den vesle grønsakssjappa borti gata, gjenoppdaga i kjøkenskapet i sta på jakt etter hovudverkstablettar, eg har nett sett den herlege filmen Vinterland av regissøren Hisham Zaman, som var på kulturnattbesøk i Byarkivet i går, og eg vil sjå meir, men eg har ikkje meir av same kaliber å sjå.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal finne på. Det er ein dag der det hadde passa å få masse epostar, bruke tid på slikt, eller mange new notifications på facebook. Det er ein dag der det sannsynlegvis ikkje skjer, fordi anna folk ikkje er like slitne som eg, er ute i verda og gjer ting, snakkar med folk, i staden for å sitje med laptopen i fanget.

Men eg veit noko eg vil gjere, eg kom på noko no. Eg vil finne utdrag som passar til opplesingane som ventar, eg kan lese meir poesi (Myklebust, Haugen, Haagensen) og eg kan lese ut Gösta Berlings saga, slik at eg kan vie tida mi til nye bøker, eller bøker eg allereie er halvvegs i.

Eg beklager viss eg har plaga dykk med dette innlegget, men det er no så fint laga her i bloggverda at ein ikkje treng lese det ein ikkje gidd, så mange av dykk vil nok ikkje eingong kome ned til denne siste setninga. Og det er heilt greitt. Eg har ingenting å kome med i dag. Men eg hadde lyst til å kome likevel. Som ein gjest utan gåve til vertskapet.

25. september 2008

sverm

Fullmoge gras legg støv kring hoftene
i det eg går over markene
mot den djupe hølen
der bjørka tøyer seg utover
kler eg meg naken og stig ut
spreier armar og føter
og flyt så stilt eg kan

Vatnet lepjar til seg grasfrøa
løyser dei frå den bindande sveitten
sender dei ut i gylne striper på vassflata:
Krumme samlingar som driv med straumane
kvervlar langsamt i bakevjene

På land ligg ein blå handduk
falda ut under høg mjødurt
Den minste rørsle vinden gjev
vil sende det lyse mjølet ut
Ein augeblunkssverm gjennom lufta
som landar og legg seg djupt
inn i det blå stoffet som ventar
på å få slutte seg om kroppen

Eg flyt så stilt
Dette er det stillaste eg kan flyte

Øyra søkk under
ned i hjarteslag og andedrag
Elva si røyst går svalt kring meg
blandar seg med blodet sin rytme
pulsen si varsame takt

Dette er lyden av ventnad
dette er lengten sitt todelte lydspor

Eg blundar og er eit foster
i det mjuke våte grenselandet
mellom ein og to

Frå Søkk av Hilde Myklebust (Samlaget 2008)

Poesi i posten

Kva er kjekkare enn å kome heim på ein skikkeleg fin, svart retrosykkel med store hjul, med nybakt brød i korga, i sola på ein nydeleg haustdag? Jau, å få ein pakke poesi i posten, sjølvsagt!

Innhald:
Paal-Helge Haugen: Steingjerde
Hilde Myklebust: Berre dagar seinare
Hilde Myklebust: Søkk

Personleg og privat

På skrivekurset i fjor sommar snakka vi om tekstar og om korleis eigne erfaringar og kjensler kan bli brukt i ein tekst, og om korleis det helst ikkje bør bli brukt - ifølgje kursleiar og forfattar Rolf Sagen, og sikkert mange andre autoritetar på feltet.

Der er ein forskjell, sa Sagen, mellom det personlege og det private. Ein forfattar kan godt tillate seg å vere personleg, bruke av eigne erfaringar, utan at dette blir oppfatta som klamt av lesaren. Men det er forskjell på å vere personleg og å vere privat. Blir ein for privat kan lesaren oppleve det som litt ubehageleg å lese teksten, som om forfattaren har avslørt for mykje av sine eigne intime forhold, lesaren blir meir oppteken av forfattaren enn av sjølve teksten, teksten blir eit dokument over forfattaren, snarare enn ei historie ein kan leve seg inn i og kjenne seg igjen i.

Ein unngår langt på veg denne problematikken når ein skriv historisk. Det er ingen som trur at eg eigentleg er Ingeborg, at eg har opplevd å bli valdteken av stefaren min og utsett for rettssystemet på 1700-talet. Derimot er det mange som trur at Agnar Mykle skreiv om seg sjølv når han skreiv om Ask Burlefot, at Tore Renberg skriv om seg sjølv når han skriv om Jarle Klepp. Og alle trur at Nils-Øivind Haagensen skriv om seg sjølv når han skriv om seg sjølv. Men med Haagensen føler eg likevel ikkje det blir klamt. Han overskrid den uskrivne regelen om å ikkje vere privat. Han drit i det, han bruker endåtil sitt eige namn og si eiga adresse i dikta sine. Han er personleg, privat, you name it, men eg føler likevel ikkje han blir for privat. Sjølv om eg som sagt aldri ville tort å skrive på same måten sjølv.

24. september 2008

Eg forstår ikkje at han tør

Etter at eg kom heim i kveld har eg lese Nils-Øivind Haagensen skriver, som eg også lånte på biblioteket i går. Og både Enkelte dikt og Nils-Øivind Haagensen skriver handlar mykje om forfattaren og hans forhold til kjærasten Anna. Det er både inderleg, avkledd, direkte, sårt, fint, brutalt, kaldt.

Og det er klart at eg tenker: enn å bli elska slik forfattaren elskar Anna.
Det er jo nesten hudlaust. Og det er så gjenkjenneleg, så veldig gjenkjenneleg.
Og fordi det er så gjenkjenneleg, sikkert for alle, kanskje for alle, forstår eg ikkje at han tør å skrive det. Skrive så rett fram, ærleg, om noko så personleg, intimt, privat. Vere så avkledd. Og å kle av henne på den måten.

Det kan sjølvsagt vere konstruert. Men det verkar ikkje slik. I så fall er han ein dyktig konstruktør. For det verkar nesten dagbokaktig ekte. Og eg ser det han skildrar, kjenner kjenslene, opplever opplevingane. Eg les med kjenslene, med hjartet. Eg les ikkje med hjernen, koplar ikkje inn det kynisk avskrellande, analyserer det ikkje. Eg sluker det berre.

Eg forstår ikkje at han tør. Eg hadde aldri tort. Eg trur ikkje eg vil tore det, heller.

Skrivinga

Det er kanskje nokon som lurer på om eg heilt har slutta å skrive, no etter at boka har kome ut.
Det har eg sjølvsagt ikkje.

Men eg kjenner på ein del av desse fenomena som så mange andre også fortel om.

Fenomenet "den vanskelege andreboka"

- korleis gå vidare herifrå? kva skal eg skrive om, kva skal eg velje? korleis få til noko like bra, helst langt betre, neste gong? korleis utvikle meg? korleis skrive det eg bestemmer meg for å skrive, kva språk, kva form skal eg bruke?

Fenomenet "det er lett å byrje, vanskeleg å fullføre"

- med fem-seks påbyrja manus liggande (2 romanar, eit par diktsamlingar, ei novellesamling); kva for eitt skal eg velje? kor setje inn støytet? og når det buttar imot, korleis motivere seg for å fortsetje? korleis vite om det ein veljer å setje inn støytet på er det rette?

Fenomenet "sprettstol"

- korleis faktisk skrive? korleis setje seg ned og bli der, korleis opne dokumentet, korleis fortsetje når alt har stagnert?

Agnes Ravatn stilte meg spørsmålet i eit intervju om eg er redd for å bli einboks-forfattar.
Eg svarte soleklart nei. Eg er ikkje redd for det. Det er ikkje det eg er redd for. Det eg er redd for er å aldri meir skrive noko det er interessant for andre å lese.

Opplevingar som klebar seg

Det er ikkje første gongen eg les Enkelte dikt. Og då eg las i Enkelte dikt i går såg eg plutseleg føre meg ein t-banetur på Sognsvannsbanen. Eg er på veg nedover, eg er nesten på Ullevål stadion, eg ser opp, det er sol, det er kollar, eit tårn, eg tenker: Går det verkeleg an å skrive dikt om dikt? Det må vere to eller tre år sidan. Eg smiler for meg sjølv. Eg les andre selveierdikt og smiler over at det går an å skrive at ein søker eit nytt dikt, maks 6500 i månaden, eit 1-romsdikt, 2-romsdikt, eit hjørnedikt, eit aksjedikt.

23. september 2008

enkelte store avgjørelser

en av grenene på et epletre på et postkort fra Odda begynner å skjelve i vinden, han lukker øynene og åpner dem igjen, grenen skjelver ennå, han lukker dem på nytt, lenger denne gang, åpner dem, grenen skjelver i vinden, han reiser seg og henter kortet, ser inngående på det, da gir det seg

utdrag frå enkelte store avgjørelser (Nils-Øivind Haagensen, Enkelte dikt, 2003)

Enkelte dikt

Eg les Enkelte dikt av Nils-Øivind Haagensen. Eg les henne omigjen. Eg raida biblioteket i dag. Tok med meg dei tre bøkene av han som stod i hylla.
Enkelte dikt
Adressebøkene
Nils-Øivind Haagensen skriver

Men er Enkelte dikt eigentleg dikt? For meg kunne det like gjerne vore kortprosa. Kva er eigentleg forskjellen? Dersom dette er ikkje er kortprosa, er det eg skriv og kallar kortprosa eigentleg dikt. Det er jo litt interessant.

Flickr-tendensar

Eg har vore inne og kika ein del på flickr i det siste. Det viser seg at det er jæskla mange eg kjenner som har profilar der, som legg ut fine bilete, og i tillegg er der veldig mange eg ikkje kjenner, som også legg ut fine bilete.

Tendens nr. 1, som eg har merka meg, er:
Ta bilete av tv-skjerm eller kinolerret, helst av utanlandsk film (gjerne amerikansk, gjerne av eldre dato), få helst med underteksten, helst ei setning som er sitatverdig, og bruk denne setninga som tittel på biletet.

Tendens nr. 2:
Ta bilete av fine skuggar på veggen, gjerne i eit gult og varmt lys. Gjerne din eigen skugge, eller ein skugge som blir forvrengt og liknar noko anna.

Tendens nr. 3:
Ta bilete av det stygge, betongaktig kalde, urbane eller skitne, på ein måte som gjer at det blir fint. Gjerne strenge, grafiske former.

Tendens nr. 4:
Ta bilete av tomme interiør, fasadar, o.a.

Tendens nr. 5:
Ta bilete av bokomslag, ein skriven tekst, ei setning.

Tendens nr. 6:
Ta bilete av detaljar frå kunstutstillingar eller grafitti på veggar.

Tendens nr. 7:
Ta bilete av fine ting, landskap, lyseffektar, menneske, o.l. Men denne siste er nok ikkje ein tendens av ny dato, heller ganske gjennomgåande kva gjeld motivval for dei fleste amatørfotografar (og mange profesjonelle, òg).

Tendens nr. 8:
Ikkje bruk blitz.

21. september 2008

Solstad & Askildsen

Takvindauget, nei lysekrona, på Hovudscena
Søndagen blei tilbrakt i Operaen, på Bokklubbens bokfest.
Eg styrte unna dei mest kommerse programpostane, og valde å få med meg Poesifesten, og opplesingar av m.a. Dag Solstad og Kjell Askildsen.

Det første arrange-mentet vi deltok på var Poesifest, der vi fekk høyre Geir Gulliksen, Tone Hødnebø, Øyvind Rimbereid og Triztan Vindtorn lese eigne dikt, og ålesundaren Nils-Øivind Haagensen, også kjend frå det nyoppstarta Flamme forlag, lese eigen-omsett beat-poesi av Jack Kerouac.

Igjen fekk eg denne kjensla av at moderne, norsk lyrikk - iallfall den eg er blitt presentert for på opplesingar i det siste - liknar altfor mykje på kvarandre. Det grip meg ikkje, fengar ikkje. Eg skulle langt heller høyrt Haagensen (biletet) lese eigne dikt enn omsett Kerouac, sjølv om det var ei fin og morosam opplesing. Særleg der han braut ut i latterkrampe ved ei kanskje litt pussig formulering i diktet.

Etterpå var det opplesingar frå fleire av Noregs store roman-forfattarar: Jostein Gaarder, Herbjørg Wassmo, Selma Lønning Aarø og Dag Solstad (biletet).

Medan dei to førstnemnde var heller uinteressante etter mitt skjønn, overraska Selma Lønning Aarø med svært morosame utdrag frå den sjølvbiografiske boka En rekke avbrutte forsøk, som eg heilt klart skal lese snarast. Yttarst morosamt om barndom og ungdomstid frå ein forfattar med potensielt selektiv hugs og ei mor som stadig blandar seg inn og nektar for at det forfattaren skriv om eigen oppvekst er sant.

Dag Solstad las fotnote nr. 27 frå Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman, og var sjarmerande distré og tørrvittig, som vanleg. Kven andre enn Solstad kan kome unna med å ramse opp titlane på Aschehougs verdshistorie i seksten bind?

Vi avslutta dagen med Ordets makt på Hovudscena, der m.a. Odvar Nordlie og Kåre Willoch diskuterte aktuelle tema, Ketil Bjørnstad m.fl. spelte "Sommernatt ved fjorden" og Kjell Askildsen (biletet) las fleire noveller frå Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten, på sin uforliknelege og fantastiske måte.

Ein flott og innhaldsrik dag. Og som eg sa til min venn: No har eg oppnådd to av livsmåla mine: Eg har høyrt Dag Solstad og Kjell Askildsen lese, og eg har klart begge delar på same dag.

19. september 2008

Opplesingar i vente

Oktober og november ser ut til å bli spennande månader for ein liten debutant.
Eg er invitert til både opplesingar, "bokbad", boknatt og litteraturfestival.

Onsdag 22. oktober brakar det laust på den lokale kulturfestivalen på Johansbuda, på Valderøya i Giske kommune. Klokka 19 er det "Bok i buda" med lokale forfattarar, og eg skal både lese frå boka og snakke litt om korleis ho kom til.

Veke 45, 3. - 10. november, er det Nynorsk barnelitteraturfestival på Stord, Falturiltu, og eg og mange andre (mellom andre Kristine Tofte i Fjordljos) skal delta. Her blir det besøk av skuleklasser, opplesingar og sikkert mykje kjekt. Eg blir å treffe i Biblioteket fredag 7. november kl. 09, der eg og Terje Torkildsen (ungdomsbokdebutant på Samlaget med Marki Marco) skal lese og fortelje, og igjen same stad laurdag 8. november kl. 15, der Årets bøker skal presenterast.

Onsdag 12. november skal eg delta på Boknatt på Ivar Aasen-tunet, saman med tre-fire andre kvinnelege nynorskforfattarar. Nokre spennande namn er nemnt, men eg torer ikkje skrive dei enno, då eg ikkje veit kva som er klart og kva som ikkje er det. Men eg er ganske sikker på at eg kan nemne Gunnhild Øyehaug. Arrangementet varer frå 20-23 og staden er Volda. Det vil vere både opplesingar og samtalar med Arnhild Skre frå scena.

Høyrest ikkje dette vel kjekt ut? Her er det berre å kome for dei som er interesserte og har høve.

Vil skremme ungdommen

Gårsavisene var fulle av interessant bokstoff, og då tenker eg særleg på Dagbladets bokbilag som baud på sjeldant interessant lesing frå den kanten.

I tillegg til eit fint intervju med ein av mine nye favorittar, Doris Lessing (skrive av Thomas J. R. Marthinsen, som mange kjenner frå bloggverda), var det også til ei forandring ein del stoff om barne- og ungdomsbøker, eller helst kanskje om eit par kjende forfattarar som også skriv for barn og unge. Jo Nesbø var sjølvsagt vigd eit par sider, men det mest interessante var intervjuet med Johan Harstad, som no er aktuell med ungdomsromanen Darlah - 172 timer på månen, som ikkje er skriven for å fortelje noko anna enn ei god historie, og som har som mål å skremme ungdommen litt, gjerne gi dei ei ekkel kjensle når dei ser månen på himmelen.

Harstad seier også noko bra om ungdomskulturen, som han meiner er undervurdert. Eg håper desse forfattarkjendisane kan vere med på å auke medvitenheita om barne- og ungdomslitteraturen på eit generelt plan.

18. september 2008

Endeleg både det eine og det andre

To timar og tjue minutt etter oppsett reisetid fekk flyet endeleg lette frå Stavanger lufthavn Sola, og førti minutt seinare var eg i heimlege trakter.

Dette er nemleg jenta si som har vore på konferanse i ein koseleg oljeby, men som no kjenner at det er godt å vere tilbake i eiga leilegheit der ein ikkje står i fare for å bli oppvekt klokka tre om natta av ein brannalarm som ringer og ringer i det ubetente Apartement-hotellet ho er blitt plassert på, eit stykke frå hotellet der alle dei andre er, å måtte raske på seg noko, stige i sko, ta med telefon for å ringe brannvesenet som kjem av seg sjølve, vente utanfor i kulda saman med bleike sovefjes med skjelvande kroppar i ein by ein ikkje kjenner, litt tissetrengt, for så å få beskjed om å gå og legge seg igjen, det var ingenting, berre ein uidentifisert, naken mann som hadde trengt seg inn i rommet til ei kvinne som fekk panikk, og etterpå ligge i senga med adrenalin pumpande i kroppen, høg puls, ikkje få til å sove, skvette til ved den minste lyd.

Endeleg heime. Endeleg framme.
Endeleg internett igjen, endeleg snart helg, endeleg leseoppdrag i vente.
Endeleg både det eine og det andre. Endeleg snart gå og legge seg.
Og endeleg bok i postkassa, signert av forfattaren sjølv, ein av haustdebutantane på Samlaget, Jan Roar Leikvoll.
Endeleg Eit vintereventyr.

15. september 2008

God omtale i Bergens Tidende

I dag har det kome ein veldig god omtale av Ingen må vite i BT.
Heile omtalen kan lesast HER.

Sterk debut om blodskam og ung kjærlighet

Debutanten Aina Basso (f. 1979) er historiker. Det merkes på de tidsriktige detaljene i denne debutromanen om kjærlighet og overgrep på midten av 1700-tallet. Forfatteren har studert tiden hun skriver om, og har skrevet masteroppgave om blodskam, tema i romanen om Ingeborg og Mikkel.


(...)

Aino Basso har valgt en poetisk stil i fortellingen som har Ingeborgs synsvinkel. Kanskje derfor oppleves den mer allmenngyldig enn det meste jeg har lest om samme tema. Setningene er korte, presise, ofte bare ett ord. De er beskrivende, sanselige, lukt og lyd formidles. På hver side en kort tekst, på hver side én situasjon, én dag eller én natt. Som en ballade:

"Snart veit alle.
Nabokonene kviskrar mellom benkeradene. Blikka grev holer i huda.
Mor vrir seg i kyrkjebenken. Gløttar til den eine sida, til den andre.
Sveitten piplar frå panna til Gabriel, frå huda på overleppa.
Heime stabbar Ingeborg framtung rundt grytene."


Temaet er stygt, men forfatteren balanserer det mot en vakker kjærlighetshistorie mellom to pur unge. To sider av livet, like aktuelt og sant i dag som da.

Samlaget lanserer boken som ungdomsbok. En mørk og aktuell kjærlighetsroman for alle, er min karakteristikk. (...)

(bokmeldar: Anne Schäffer)

14. september 2008

Tilbake til Don DeLillo

Som dei merksame lesarane kan ha fått med seg, har eg svært lenge halde meir eller mindre på med å lese Don DeLillos Americana. Eg har hatt henne på nattbordet så lenge at faktisk trur det nesten er rekord. Andre bøker eg har drive på med så lenge, utan å gi opp på, kan eg telje på ei hand.

For ofte gir ein opp slike bøker det tek sånn tid å lese. Ein orkar ikkje meir, boka fengar berre ikkje, og ein set henne tilbake i hylla. Korfor er det ikkje slik med Americana? Vel, kanskje fordi det ikkje er ei dårleg bok. Eg har lese ut første delen, men litt uti andre stansa det plutseleg opp.

Eg snakka om dette med ei god venninne nyleg, og det viste seg at det var akkurat sameleis for henne. Men heller ikkje ho vil gi boka opp. Heller ikkje ho synest det er ei dårleg bok. Men også for henne stoppa det opp i andre delen.

Saka er at eg byrjar få litt dårleg samvit. Her ligg boka med det vakre omslaget på nattbordet og støvar ned, medan andre bøker får forrang - eg har sikkert lese 5-10 bøker i mellomtida, og medan eg skriv dette kan eg røpe at det ligg heile tre opne bøker på stovebordet, alle har eg lese i i dag.

Eg lover herved at eg skal skjerpe meg, og at eg veldig veldig snart skal fortsetje med Don DeLillo.

Mange melankolske menneske

Dag og Tid har ei fast spalte dei kallar Overflatisk, der forfattarar og andre litterære folk blir intervjua på ein overflatisk måte. Svara blir gjerne gitt i ein lettbeint og humoristisk tone, ofte med eit ironisk drag. Spørsmåla er lette og vanskelege, mellom anna blir intervjuobjekta spurt kva dyr dei liknar, kva som er norsk kulturlivs største sorg og når dei sist var melankolske.

Og det er dette eg vil seie noko om. Det melankolske. Dei aller fleste, ja, faktisk alle eg har lese, svarer at dei ikkje berre ofte er melankolske, men gjerne at dei var det sist i går kveld, eller endåtil er det medan dei svarer på spørsmåla. Melankolske menneske, altså, dei fleste.

Kva er eigentleg melankoli? Eit søk i nynorskordlista gir følgjande svar:

melankoli' m1 (frå gr, av melas, gen. melanos, 'svart' og kholos, khole 'galle', ettersom ein trudde svart galle var årsak til melankoli) tungsinn, svartsyn

Svartsyn, altså. Det høyrest ikkje så koseleg ut. Men ein skal ikkje stikke under ein stol at det er ein vanleg tilstand.

"En av urmytene om det kreative geniet er at vedkommende er melankoliker: Ut av svartsinnet kommer de største kunstverkene, har man tenkt seg", kan ein artikkel frå nrk.no fortelje.

Ein bør altså helst vere litt melankolsk. Er det då berre eg som synest melankoli høyrest litt klissete ut? Det er ikkje det at eg ikkje er melankolsk. Det er eg heilt sikkert. Eg liker berre ikkje å seie det til nokon. Viss nokon spør ville eg nok heller ha sagt at eg var litt tung i går, litt trist, kanskje, litt lei. Men melankolsk? For meg er det eit trist ord med sukker på. Og triste ord med sukker på kan eg styre meg for.

Eg las eit gammalt BT-intervju på nettet og syntest ein av dei intervjua sa noko bra om melankolien:

"Det melankolske og sentimentale er tilbakeskodande. Eg er meir interessert i det utopiske, i å sjå framover, seier Øystein Vidnes."

Ja, korfor ikkje.

11. september 2008

Overveldande

Eg må berre dele DENNE bokomtalen med dykk, det er snart-debutant Kristine Tofte som har skrive han, og eg blei veldig rørt og ikkje minst overvelda over reaksjonen hennar på Ingen må vite.

Sjølv har eg stor tru på Kristine og gler meg til å lese boka hennar, Song for Eirabu, når ho kjem i februar.

Nittensekstifire

Ragnar Hovland er kanskje lei av å vere morosam, men han legg då jammen opp til det sjølv.

Eg har lese den siste romanen hans, 1964, som forlaget skriv følgjande om:

Hovudpersonen i romanen er blitt like gammal som Bert Bobsey, den eldste Bobsey-tvillingen. Rundt han og familien skjer det dramatiske og kvardagslege ting, mystiske sekter gjer seg gjeldande, verda blir som ny, og draumar blandar seg med røyndommen. Sommaren 1964 blir den lengste i manns minne, brått skjer eit uforklarleg dødsfall, og mangt tyder på at året 1964 aldri skal ta slutt.

Dette er ei utruleg morosam og velskriven bok. Eg har flirt høgt fleire gongar medan eg har lese, nokre gongar nesten motvillig, fordi eg har vore for trøytt til å ha det så morosamt. Noko av det aller mest morosame er sjølvsagt det språklege. Det er sjølve setningsoppbygginga til Hovland som får meg til å le, ofte meir enn det som står der. Rettare sagt: Det er samanstillinga av heilt vanlege ord, daglegdagse uttrykk, på ein ny og overraskande måte. Aldri fiffig eller tilgjort, men balansert, gjennomtenkt og treffande.

Av episodane i boka, er det nok når kameratane (eg, Erling og prestesonen) leikar at dei er besette av vonde ånder eg flirer mest. Eller av alt som har med katten Bobby å gjere, og sjølvsagt med den overintelligente veslebroren på seks år, som seier ufatteleg mykje veslevakse og gjennomtenkt.

Hovland må gjerne vere lei av å vere morosam, men eg håper han ikkje sluttar med det, for det.

10. september 2008

Omtale i NyttiUka


God omtale i ei av lokalavisene for Sunnmørsregionen, NyttiUka. Biletet blir større viss du klikkar på det.

9. september 2008

Reisa tilbake

Kari Bøge
Eg fann Speilet fanger på min lokale biblioteksfilial i går - så vidt. Eg fortalde den hyggelege bibliotekaren at boka hadde vore ein av favorittane mine som tretten-åring, og at eg blei nyfiken på ho igjen, etter å ha lese eit intervju med Kari Bøge i Morgenbladet, i samband med den nye boka hennar Komponisten. Han spurte om det var siste utgåva av Morgenbladet, og unnskulda den manglande kunnskapen sin om dette med at han ikkje var komen så langt i lesinga enno.
Han likna litt på Paal-Helge Haugen av utsjånad, og eg kjende at det var godt.
Eg liker å tilhøyre ein lokal filial, eg liker at menneske vier liva sine til bøker og formidling av litteratur, eg liker bibliotekarar og eg liker biblioteket.

Så las eg nesten heile boka i går kveld, og eg skjøner kva eg likte, korfor ho trefte så godt. Hovudpersonen er både sterk og usikker, ho er annleis - og vekslar mellom å ville vere det og å mislike det. Der er ein del gode skildringar av tilstandar og opplevingar, men òg ein del på det språklege planet eg ikkje liker like godt, men som sikkert fungerte då eg var i rette alderen.

Eg har alltid lese oppigjen bøkene eg elska då eg var yngre. Anne fra Bjørkely eit dusin gongar, Skygge-bøkene til Maria Gripe, bøker av Roald Dahl og Astrid Lindgren. Men der er ein del ungdomsbøker som har fått stå i fred i hylla. Eg trur eg skal plukke dei fram når eg er heime på besøk. Lese dei igjen, og finne ut kva dei er for noko.

8. september 2008

Omtale i Adressa

Ingen må vite har fått sin første avisomtale i Trondheimsavisa Adresseavisa.

Som mine faste lesarar kanskje har fått med seg, budde eg i Trondheim i seks år, og har eit nært og kjært forhold til denne byen. Det var der eg skreiv masteroppgåva i historie, og dreiv kjeldegransking på det gamle Statsarkivet, som seinare skulle danne grunnlaget for historia i romanen.

Omtalen kan lesast HER.

Spegelen

– Ser jeg på de unge jeg står nær i dag, opplever jeg det ikke først og fremst som en frihet, men som en frihetskamp der tvilen på om man gjør det rette hele tiden står i kulissene. Det holder ikke å finne seg selv eller være seg selv, en må stå til ansvar for sitt utseende som om det skulle ha vært et produkt en hadde designet selv.

Forfattar Kari Bøge, intervjua i Morgenbladet 5. september 2008.

Ei av dei bøkene eg las flest gongar og som gjorde sterkast inntrykk på meg som tenåring, var Kari Bøges Speilet fanger frå 1986. No er det mange år sidan eg las henne, men ho står framleis tydeleg for meg. Den usikre og harde hovudpersonen Pia, som vil vere som Annie Lennox, den første kjærasten Rune, ei kulde i og rundt hovudpersonen, ei stor usikkerheit, som ei sorg.

Kari Bøge fekk Kultur- og kyrkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur fleire gongar, og mellom anna i 1986 for Speilet fanger. Dette visste eg ikkje før i dag. Det er ikkje slikt ein tenker på når ein er tretten, men eg liker tanken på at boka som var så viktig for meg, også var viktig for andre.

Eg har fleire gongar tenkt at eg må lese omigjen denne boka. Finne ut korleis ho er, med vaksne auge. Er det ei banal og enkel bok, eller ei bok som framleis har noko viktig å formidle?

No tenker eg at eg vil lese denne boka i kveld. Låne henne på biblioteket på veg heim, setje meg og lese. Finne ut kva eg likte som ungdom, kven eg var.
For det handlar jo om meg, òg. Eg som var lesar.

Kanskje blir ein aldri heilt ferdig med bøkene ein elska då ein var yngre.
Dei som trefte noko i ein. Ein nerve.

7. september 2008

Eg surfar

Det er søndag, eg har tida føre meg, og det er mange timar til eg treng byrje på middagen eg har tenkt ut for å glede dagens gjest. Eg har ete min gode frukost, drukke min rolege kaffi, lese gamle utgåver av Klassekampen, Dag og Tid og endåtil Le Monde, kika på søndagsprogram på tv og surfa litt.

Og det var slik eg kom over bloggen til forfattaren Tarald Stein, Framandkar. Og der stod det jammen ein del ting eg sjølv også har tenkt på i det siste, og som eg antek må vere særs normale debutanttankar. Som når ein kan kalle seg forfattar og korleis ein opplever sin første forlagsfest. Tarald skriv også om salstal og omtaler, og korleis lyrikk generelt blir behandla i media. Med unntak av barne- og ungdomslitteratur og det meste av faglitteraturen, er vel lyrikken den sjangeren som kjem dårlegast ut når det gjeld omtalar og merksemd i media. Med heiderlege unntak, sjølvsagt, som Steins eiga diktsamling med same tittel som bloggen.

Dei som følgjer med på slikt, vil kanskje ha fått med seg at aftenposten.no har samla haustens forfattardebutantar og intervjua dei - iallfall nokre av dei - på nett-tv, og viss det er nokon som lurer på korfor eg ikkje er med, er det fordi eg ikkje har skrive for vaksne. Tre av intervjua er lagt ut på nett-tv no, for dei som er interesserte. Dei utvalde er fotballboka til tidlegare fotballspelar Arild Stavrum, den til dels sjølvopplevde utroskapsromanen til journalisten Svein Tore Bergestuen, og debutromanen til Tania Michelet, dottera til Jon. Eg håper det kjem intervju med dei andre debutantane, òg.

Elles er boka mi no å få tak i på Nasjonalbiblioteket og fagbiblioteka rundt om i landet, og ikkje berre det, men ho er endåtil utlånt to stadar, til mi store glede. I folkebiblioteka kjem ho vel også etterkvart, men det tek litt tid ettersom Kulturrådet først må avgjere om ho får vere med i innkjøpsordninga. Så langt er ho registrert, men ikkje klar til utlån.

6. september 2008

Leseoppdatering

Eg slit med den store sagaen om den fordrukne presten Gösta Berling.

Det er noko med store sagaforteljingar, store ord, og mange av dei, og springande forteljingar, som ikkje umiddelbert fengar. Eg nemner til dømes kapitlet "Landskapet", som Selma Lagerlöf godt kunne spart seg. Makan til smør på besjeling har eg sjeldan lese.
Men eg skal sjølvsagt fortsetje. Selma Lagerlöf er ei av dei store nordiske forfattarane, og eg skal gi både henne og sagaen ein skikkeleg sjanse før eg meiner så veldig mykje meir.
Eg er nok berre forvent med nymotens, stram prosa, og fråver av adjektiv og pompøsitet for tida. Eg får freiste kome i modus igjen.

4. september 2008

Fangst

Far min snudde seg og la frå seg pipa i sølvoskebegeret som han sa han ein gong hadde fått av ei prinsesse.
- Er det du? sa han
- Ja, sa eg. Eg tenkte det var like godt å seie det som det var.


Frå 1964 av Ragnar Hovland. Samlaget, 2006.

Eg har vore på bakgardssal. Der var det mykje rart og fint, men eg klarte å begrense meg nokolunde, og enda med følgjande bøker:

Ragnar Hovland: 1964
Ragnar Hovland: Sveve over vatna
Jon Fosse: Melancholia (I og II)
Jon Fosse: Dikt 1986 - 1992
Kjell Askildsen: Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten
Virginia Woolf: En uskrevet roman
Olaug Nilssen: Vi har så korte armar. Tilstandsrapportar

Eg seier meg nøgd, og har allereie, ti minutt etter at eg kom inn døra, lese dei to første kapitla i 1964.

til Velfortient straf og andre til afskye

Dersom de finst nokon der ute som er spesielt interesserte i temaet blodskam, så kan masteroppgåva mi finnast og lånast her.

Visdomsord frå Jon Michelet

De som vil bli forfattere bør være veldig forsiktig med å snakke om noe som ikke er ferdig. Da risikerer de å snakke i hjel stoffet. Det var en gang en ung mann som oppsøkte meg på lenger tid i Moss og ville snakke om litteratur. Jeg rådet ham til å gå hjem og skrive det ned. Ari Behn har senere takket meg for det rådet, sier Jon.

Frå eit intervju i www.nettavisen.no

Bakgardssal

Det er atter tid for billege bakgardsbøker, og eg skal iallfall ta meg ein tur til Huitfeldts gate 15 i ettermiddag, for å snoke rundt og plukke med meg litterære perler frå Samlaget, Oktober og kanskje nokre av dei andre forlaga, òg. Det er lite som gleder meg så mykje som å få posevis med kvalitetslitteratur til ein billeg penge.
Eg lever opp til mitt sunnmørsrykte, og er openbert for fersk som forfattar til å ha fått ei motvilje mot prisdumping av bøker.

I morgon kjem fangstrapporten!

Ein veldig fin omtale

av Ingen må vite kan lesast her, på bloggen til Jørn Roeim, Aroundbooks.

3. september 2008

Byrkjelo

Det byrja berre med at eg stod på den gamle traktoren heime på Berflot og spreidde møk som vanleg. Eg stod bak på lasteplanet med ein spade og heiv møka ut på marka, det var god og sterk kalvedrit, og traktoren rusla fint nedetter bakkane i fyrste gir. Men trur du ikkje den gamle horva hoppa ut av gir, og der fór vi, nedover mot hovudvegen i ein forjævlig fart. Det er så bratt på Berflot, veit du, ein kan nesten stå på trappa og pisse ned på vegen. Eg skulle hatt vett til å hoppe av, men eg tenkte no eg skulle krype fram og få styring på krapylet. Men før eg visste ordet av det, trefte vi asfalten med ein smell, og heile helvetesskapen brotna i to på midten.

Alt var heilt svart. Men då eg fekk gnidd meg i auga og kunne sjå, var det brunt overalt.

Eg vart så godt gjødsla at eg har fått hår både på brystet og på ryggen, eg som alltid har vore glatt som ei barnerumpe.

Utdrag frå novella Byrkjelo, frå Bondeforteljingar av Øystein Vidnes, Samlaget 2002.

2. september 2008

Apropos debutantar

så var eg på Cappelen Damms lansering av Signaler 2008 på Last Train i kveld.
For dei som ikkje kjenner til Signaler frå før, så er dette altså ein antologi beståande av halvt om halvt med tekstar frå debutantar (som altså debuterer med teksten sin i denne antologien) og frå inviterte, etablerte forfattarar. I år er Marit Kaldhol, Johan Harstad og Beate Grimsrud blant dei inviterte.

Det var eit kjekt arrangement. Eg spotta Bharføtte Oda der, så det kjem kanskje eit innlegg frå henne også etterkvart, og det mest verdslege høgdepunktet var kanskje gratis drikkebongar til dei snille frammøtte lyttarane.

Det var ikkje alle bidragsytarane som las opp. Nokre debutantar overhøyrte eg avslå rett før arrangementet starta, men fem av debutantane las og tre av dei inviterte forfattarane. Dessverre var det ingen av debutantane som trefte meg så veldig. Det er mykje lik og riktig skriving ute og går om dagen, og eg fann ikkje tonen som skurrar i deg.

Dei etablerte, inviterte likte eg godt. Særleg Marit K, men eg er kanskje litt inhabil der.

Eg har fått meg eit eksemplar av boka, og gler meg til å setje meg og lese. Eg reknar med det er eit par stemmer der som vi vil høyre meir av i tida som kjem.

Om å debutere

Ein debutant er ikkje ein debutant.
Dette er noko eg har lært meg i løpet av dei siste vekene.
Det er for så vidt også noko eg ante på førehand, medan eg skreiv, før eg blei anteke, i mellomrommet. Men eg visste det ikkje like ettertrykkeleg som eg gjer no.
At du berre blir rekna som haustdebutant av dei store avisene viss du skriv for vaksne.

Ein skil mellom skjønnlitteratur og litteratur for barn og unge.
Det heiter nemleg ikkje skjønnlitteratur for barn og unge, det heiter barne- og ungdomsbøker, ofte berre barnebøker.

Ei av dei som blir rekna blant debutantane på Samlaget i haust, gir ut si tredje bok. Men sidan det er hennar første skjønnlitterære (altså for vaksne), får ho lov til å vere debutant ein gong til.
Eg veit ikkje om det fungerer likeeins andre vegen. At ein skjønnlitterær (vaksenbok-) forfattar debuterer på nytt når han eller ho skriv si første barnebok (altså skjønnlitteratur for barn og unge).

Korfor er det slik? Kor kjem denne nedvurderinga av barne- og ungdomslitteraturen frå?
Er han ikkje like viktig som litteratur for vaksne? Er han ikkje eigentleg mykje viktigare?

1. september 2008

Bondeforteljingar

Eg har lese debutboka til ein av dei unge forfattarane frå Samlaget, Øystein Vidnes. Bondeforteljingar er ei novellesamling som kom i 2002, og som handlar om mannen Stein Meheim. Iallfall heiter alle eg-personane i boka Stein. Om det er den same Steinen eller forskjellige Steinar veit eg ikkje. Eg synest ein kan rettferdiggjere å tolke det på begge måtar.

Novellene kan lesast som frittståande noveller, nesten, eller ein kan sjå etter samanhengar mellom dei. I byrjinga såg eg på boka som ei kryssing mellom roman og noveller, men eg ser no at dei svara ein vil vente frå ein roman, ikkje kjem i desse tekstane.
Likevel er der nokre av tekstane som heng sterkare saman enn andre, som er ei fortsetjing av kvarandre, medan andre har heilt andre forteljarstemmer, slik at ein byrjar lure på om det nettopp er fleire Steinar enn ein.
Men kanskje er ikkje det poenget. Om det er ein eller fleire Steinar.

Slik eg har lese boka, har det skilt seg ut fleire ulike Stein-typar.
Vi har
skrive-Stein
urbane-Stein
kanskje student-Stein
traktor-Stein
silo-Stein (desse to kan sikkert slåast saman til bonde-Stein)
Vi har
gamle-Stein
eller farfar-Stein (altså farfaren til små-Stein, som også heiter Stein, blir vel stor-Stein, då det)
Vi har
kjellarleilegheit-Stein
og hus-Stein
som er sambuar-Stein
eller
fulle-Stein
Og vi har
reise-Stein
for å nemne nokre.

Vi har også nokre bipersonar som går igjen fleire gongar,
som til dømes
Rolf Herring
Jovik
Anna Bergström
og Mort.

Novellene er absurde, komiske, triste, underlege, fine og godt skrivne.
Eg likte dei.