9. januar 2009

To dikt av Paal-Helge Haugen


(Herbariet)

I kveld leitar eg etter deg
etter skapnaden din, etter noko
du er eller har vore
i eit stort og ukjent herbarium
som stormen slår opp, ein augneblink
opplyst innanfrå
av historien og håpets fyrstikkflamme


(Etter at du har gått)

Eg gir meg over i det, i di form
oppriven samla

Eg tar i mot det du gir
som streifet av den siste handa
i verden

Du står i oppklaringa: ei glenne
midt mellom det mogelege og det invaderte

Etter at du har gått
hender det eg talar lågt
til mørkret, som eit barn



Frå Sone O av Paal-Helge Haugen

Ingen kommentarer: